Clem Clempson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Clem Clempson

Clem Clempson, 2010
Fødd5. september 1949 (74 år)
FødestadTamworth i Staffordshire i England
FødenamnDavid Clempson
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1966
SjangerBlues, rock, R&B, hardrock, jazzfusion
InstrumentGitar, vokal, talkbox, bassgitar, klaverinstrument, trommer
Kjende instrumentFender Stratocaster
Gibson Les Paul
Tilknytte artistarHumble Pie, Colosseum, Bakerloo, Uriah Heep
Verka somMusikar

David «Clem» Clempson (fødd 5. september 1949) er ein engelsk rockegitarist som har vore medlem i ei rekkje musikkgrupper, som Colosseum og Humble Pie.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Clempson byrja karrieren sin seint i 1960-åra som medlem av powertrioen Bakerloo (opphavleg The Bakerloo Blues Line), som spelte bluesrock. I 1969 vart han medlem av Colosseum, fram til dei vart oppløyst i 1971, men kom saman med bandet att i 1994 og har spelt med dei sidan. Etter at Colosseum vart oppløyst vart han medlem av Humble Pie, der han erstatta Peter Frampton. Då dette bandet vart oppløyst i 1975 slo han og Greg Ridley seg saman med trommeslagaren Cozy Powell og skipa gruppa Strange Brew. I denne tida prøvespelte Clempson for Deep Purple, men denne jobben gjekk til Tommy Bolin. Etter at han spelte i Marriott’s All Stars valde han å ikkje bli med i eit sameina Humble Pie i 1980.

I 1977 skipa Clempson det kortvarige bandet Rough Diamond i lag med den tidlegare Uriah Heep-songaren David Byron.

Clempson var gjestemusikar for Jack Bruce, Billy Cobham og Dave Sancious, Roger Waters, Manfred Mann's Earth Band, Bob Dylan, Chris de Burgh og Jon Anderson.

Han har skrive musikk til mange filmar, som Evita, G.I. Jane, Lawn Dogs og Tomorrow Never Dies. Clempson fekk jobben av den Oscar-vinnande komponisten Trevor Jones om å lage arrangementet for den romantiske komedien Notting Hill i 1999.[1]

Frå 2008 til sommaren 2012 var han medlem av Hamburg Blues Band. Han skipa så sitt eige The Clem Clempson Band som byrja å turnere i februar 2013 i Braunschweig i Tyskland.

Sammen med Colosseum var han i 2014 og 2015 med på ei rekkje konsertar i Tyskland og England. Colosseum kom saman att i 2020 for utvalde konsertar. Besetninga no var Chris Farlowe, Clem Clempson og Mark Clarke, som fekk med seg Kim Nishikawara (saksofon), Adrian Askew (klaverinstrument og orgel) og Malcolm Mortimore (trommer).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Dave Clempson». Humble-pie.net. 5. september 1949. Arkivert frå originalen 29. februar 2004. Henta 3. januar 2021.