Hopp til innhald

Clemens Brentano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Clemens Brentano

Statsborgarskap Kongedømet Preussen
Fødd 8. september 1778
Koblenz-Ehrenbreitstein, Frankfurt am Main
Død

28. juli 1842 (63 år)
Aschaffenburg

Yrke skribent, lyrikar, eventyrsamlar, skodespelforfattar
Religion katolisisme
Far Peter Anton Brentano
Mor Maximiliane Brentano
Ektefelle Sophie Mereau, Auguste Bußmann
Born Magdalena Maria Brentano
Signatur
Clemens Brentano på Commons
Byste av Clemens Brentano

Clemens Wenzeslaus Brentano de La Roche (8. september 177828. juli 1842) var ein tysk poet og forfattar.[1] Ved sida av Achim von Arnim var han den viktigaste representanten for Heidelberg-romantikarane.

Han var den andre sonen til Frankfurt am Main-kjøpmannen Peter Anton Brentano (frå slekta Brentano di Tremezzo) og Maximiliane von La Roche, som Goethe hadde vore forelska i i ungdommen.[2]

Brentano studerte i Halle og Jena, og busette seg seinare i Heidelberg, Wien og Berlin. Han var ein nær venn av Christoph Martin Wieland, Johann Gottfried von Herder, Johann Wolfgang von Goethe, Friedrich Schlegel, Johann Gottlieb Fichte og Ludwig Tieck.

I 1801 flytta han til Göttingen, og blei kjend med Achim von Arnim. I 1804 flytta han igjen til Heidelberg og samarbeidde med Arnim om Zeitungen für Einsiedler og Des Knaben Wunderhorn. I åra mellom 1808 og 1818 budde han mest i Berlin, og frå 1819 til 1824 i Dülmen i Westfalen.

Til dei talrike søskena hans høyrde Bettina Brentano (gift von Arnim), Georg Brentano, Christian Brentano, Sophie Brentano, Ludovica Brentano («Lulu»), Kunigunde Brentano («Gunda»), som var gift med den romantiske rettsteoretikaren Friedrich Carl von Savigny, og dessutan Magdalene («Meline») Brentano (gift von Guaita).

  • Eingang
  • Frühlingsschrei eines Knechtes
  • Abendständchen
  • Lore Lay
  • Auf dem Rhein
  • Wiegenlied
  • An Sophie Mereau
  • Ich wollt ein Sträusslein binden
  • Der Spinnerin Lied
  • Aus einem kranken Herzen
  • Hast du nicht mein Glück gesehen?
  • Frühes Lied
  • Schwanenlied
  • Nachklänge Beethovenscher Musik
  • Romanzen vom Rosenkranz
  • Einsam will ich untergehn
  • Rückblick
  1. Crawford, Heidi. "Clemens Bretano", Encyclopedia of the Romantic Era, 1760-1850, Christopher John Murray (ed.), s. 109, Routledge, 2013, ISBN 9781135455798
  2. John F. Fetzer, Clemens Brentano, Twayne Publishers, 1981, s. 11.