Clemenskyrkja i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Clemens' park med ruin av Clemenskirken
Ruinane av Clemenskyrkja

59°54′15.30″N 10°45′56.30″E / 59.9042500°N 10.7656389°E / 59.9042500; 10.7656389 Clemenskyrkja eller Klemetskyrkja var ei av sognekyrkjene i det gamle Oslo. Ho låg mellom Clemensallmenningen og Østre strede, sør for bispeborga og Halvardskyrkja. Det var ei steinkyrkje med hjørnetårn, og ho var ei av dei særs få kyrkjene ein kjenner med toskipa grunnplan. Langs midtaksen av koret stod det tre kraftige takberande pilarar. Kyrkja står i dag som ein ruin og har vernestatus freda.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Steinkyrkja er frå rundt 1100, men han har truleg hatt to eller tre forgjengarar i form av trekyrkjer. Den eldste kan vera frå rundt år 1000. Under og omkring kyrkja har ein funne restar av det som er ein av dei eldste kyrkjegardane i landet. Dei eldste av gravene er datert radiologisk til 980–1030, og er nokre av dei eldste kristne gravleggingane som er funne i Noreg.[1] Dette tyder på at det må ha vore eit godt etablert kristent samfunn inst i Oslofjorden allereie før år 1000.[2] Det er òg rundt dette gravfeltet at den første urbane busetjinga i Oslo byrja å ta form.[3] Den tidlegaste trekyrkja kan ha vore grunnlagt av Olav Haraldsson eller Olav Tryggvason.[4] Den yngste trekyrkja fekk truleg Harald Hardråde bygd.[5]

Kyrkja gjekk ut av bruk etter reformasjonen, og ein reknar med at ho ganske raskt vart lagt i ruinar. Ruinane vart gravne ut i 1921 og deretter i 1971. Ruinane låg i mange år skjult av Loengbrua, men denne vart riven etter opninga av Ekebergtunnelen i 1995.[6] Ruinen vart blottlagt og undersøkt ved utgravingar av Gerhard Fischer i 1921. Deretter låg han i mange år upåakta under Loengbrua. I 1970–71 fekk arkeologen Ole Egil Åtte høve til å grave vidare i grunnen under kyrkja, og fann spor etter gravleggingar som var eldre enn steinkyrkja, 81 i alt. Tolkinga hans er at det har stått minst to kyrkjer, venteleg stavkyrkjer, på staden der steinkyrkja vart bygd omkring 1100.

Ruinen av Clemenskyrkja er no frilagt og inngår som del av Mellomalderparken i Gamlebyen. Han ligg ved Saxegaardsgata og Erik Schias plass.

Om namnet[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja var vigsla den heilage Clemens, som lei martyrdøden ved at han vart drukna med eit anker bunde om halsen. Han var difor skytshelgen for mellom anna sjøfolk. Kanskje kan dette visa til den tidlegaste bydanninga i Oslo; at det var viktig å skipa ei kyrkje for sjøfart og handel på staden. I Diplomatarium Norvegicum (DN) er kyrkja nemnt i dativform som Cleme(t)z kirkiu eller Kleme(t/d)z kirkiu. Uttaleforma har godt mogleg vore med tostavingstonelag og dobbel m, jf. Klemetsrud sør i Oslo.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Clemenskirken (Oslo), Norske kirkebygg 
  2. Norseng (2003): Østfolds historie, bd 1. s. 474-475
  3. Knut Helle: Norsk byhistorie (2006): 55
  4. Nedkvitne (2000): Middelalderbyen ved Bjørvika. Oslo 1000-1536. s. 37
  5. Nedkvitne (2000): 41
  6. Tvedt, Knut Are. (2012, 31. desember). Clemenskirken: kirkeruin i Oslo. I Store norske leksikon. Henta 14. september 2016 fra https://snl.no/Clemenskirken%2Fkirkeruin_i_Oslo.
  7. Clemez kirkiu (DN Oslo, 1307), Clemetz kirkiu (DN Oslo, 1331), Klemez kirkiu (DN Sigurdsrud, 1339), Clemez kirkiu (DN Oslo, 1371), Clemetz kirkiu (DN Oslo, 1376), Clemetz kirkiu (DN Oslo, 1377), Clemetz kirkiu (DN Oslo 1381), Clemesz kirkiu (DN Oslo 1383), sanctæ Klemetz kirkiu (DN Oslo, 1389), Klemez kirkiu x 2 (DN Oslo, 1389), Klemedz kirkiu (DN Oslo, 1400), Clemetz kirkiu (DN Oslo 1406), Klemetz kirkiu (DN Oslo, 1415), Clemetzkirkio (DN Oslo 1489).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]