Cleveland
Cleveland | ||
Utsikt frå Terminal Tower.
| ||
|
||
Land | ![]() | |
---|---|---|
Stat | Ohio | |
Fylke | Cuyahoga | |
Koordinatar | ||
Høgd | 199 m | |
Areal | 213 4 km² | |
Folketal | 478 403 | |
Wikimedia Commons: Cleveland, Ohio | ||
Cleveland er ein by i delstaten Ohio i USA. Byen ligg i det nordaustre Ohio, ved sørbreidda av Eriesjøen og munningen av Cuyahoga-elva. Cleveland er administrasjonssentrum i Cuyahoga County, og den nest største byen i Ohio med 478 403 innbyggarar (2000).
Innhaldsliste
Historie[endre | endre wikiteksten]

Cleveland vart grunnlagt i 1796 ved utløpet av Cuyahoga-elva, etter at ei gruppe nybyggarar under leiing av Moses Cleaveland kjøpte landet av urfolket. Etter at Ohioelva vart forbunden med Eriesjøen med ein kanal i 1832 tok Cleveland til å vekse, då vart byen eit knutepunkt for trafikken mellom Dei store sjøane og Mississippielva.
Ohio vart etterkvart sentrum for ein stor kol- og stålindustri. John D. Rockefeller bygde opp formuen sin i Cleveland, og i 1920 var byen blitt til USAs femte største by.
Etter andre verdskrigen følgde ein periode med velstand for Cleveland. På 1960-talet tok industrien til å få problem, og mange flytta ut av byen til forstadane. Det kom og til raseopptøyar i Cleveland i 1966 og 1968.
I 1978 greidde ikkje byen låna sine lenger, og vart med det den første store amerikanske byen sidan depresjonen som gjekk konkurs.
Politikk[endre | endre wikiteksten]
Det demokratiske partiet har alltid stått sterkt i Cleveland. John Kerry fekk fleirtalet av røystene i byen under presidentvalet i 2004.
Frank G. Jackson er borgarmeister i byen (2006). Borgarmeisteren har stor makt, og kan i stor grad handle utan å legge saker fram for bystyret. Cleveland var den første større byen i USA som hadde ein svart borgarmeister, Carl B. Stokes (1968-71).
Næringsliv[endre | endre wikiteksten]
Cleveland har tradisjonelt vore eit sentrum for stålindustri og eksport. Plasseringa ved Eriesjøen og Cuyahogaelva har gjort byen til eit samferdsleknutepunkt. Dei siste åra har nedgangen i amerikansk industri ramma byen, men ein oppgang i servicenæringane har til ei viss grad kompensert for dette.
På 2000-talet har Cleveland satsa tungt på høgteknologi som forsking på brenselceller og bioteknologi. Dei mange universiteta i byen er ein viktig brikke i dette miljøet. Offentlege styresmakter har satsa mykje på å bygge ut ein moderne infrastruktur for telekommunikasjon for å tiltrekke seg nye selskap i høgteknologiske bransjar.
Kultur[endre | endre wikiteksten]

Cleveland har tre profesjonelle toppidrettslag. Cleveland Indians speler i Major League Baseball, Cleveland Browns speler i National Football League og Cleveland Cavaliers speler i National Basketball Association.
Cleveland Orchestra er eit symfoniorkester som held til i Cleveland. Det er rekna som eitt av de fem store symfoniorkestra i USA.
Ein viktig turistattraksjon i Cleveland er Rockens æresgalleri. Eit anna viktig museum i byen er Cleveland Museum of Art.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Cleveland: by i Ohio» (14. februar 2009), Store norske leksikon.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Reiseguide for Cleveland frå Wikivoyage