Clew Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Clew Bay
bukt
Land  Irland
Del av Atlanterhavet
Kart
Clew Bay
53°49′0″ N 9°48′0″ W
Wikimedia Commons: Clew Bay

Clew Bay (irsk Cuan Mó) er ei bukt i County MayoIrland. Ho inneheld mange drumlinar. I følgje segna er det ei øy i bukta for kvar dag i året. Ovanfor bukta ligg Croagh Patrick, det heilage fjellet på Irland. Clare Island ligg ved inngangen til bukta. Frå den sørvestlege delen av bukta og austover ligg Louisburgh, Lecanvey, Murrisk og Westport. Nord for Westport ligg Newport og vestover frå her ligg Mulranny, porten til Achill. Frå sørsida av bukta, mellom Clare Island og Achill kan ein sjå Bills Rocks.

Clew Bay var O'Malley-familien sin eigedom i mellomalderen, og er særleg forbunde med Grace O'Malley. I bukta ligg òg Dorinish, ei privat øy kjøpt av John Lennon i 1967.

Utsyn over Clew Bay

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 53°50′N 9°48′W