Cliff Davies

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cliff Davies

Davies i 1978
Fødd1948
Død13. april 2008 (59 år)
DødsstadAtlanta i Georgia i USA
OpphavEngland
Sjangerrock
InstrumentTrommer, piano, xylofon
Tilknytte artistarRoy Young Band, If, Ted Nugent, Grand Funk Railroad
PlateselskapEpic
Verka somTrommeslagar, låtskrivar, plateprodusent

Clifford «Cliff» Davies (194813. april 2008) var ein britisk trommeslagar, låtskrivar og produsent.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Davies starta karrieren sin i Roy Young Band tidleg i 1970-åra, før han vart med i den andre inkarnasjonen av det britiske jazzrockbandet If frå 1972 til 1975. Han spelte på fire album av bandet. Etter If vart oppløyst byrja Davies å spele med den amerikanske hardrockgitaristen Ted Nugent frå 1975 til 1982 som trommeslagar, produsent og/eller medprodusent på alle Nugent-innspelingane i den perioden. Som produsent samarbeidde han stundom med Lew Futterman, som òg hadde produsert If.

I 1980-åra arbeidde han for Next City Productions, òg eigd av Futterman, i New York City og spelte inn plater med mellom andre Grand Funk Railroad. Sidan seint i 1990-åra heldt han til i Atlanta og arbeidd som piano- og trommelærar. Davies vart funnen død i heimen sin 13. april 2008 etter å ha skote seg sjølv.[1]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med If[endre | endre wikiteksten]

Med Ted Nugent[endre | endre wikiteksten]

Andre[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Associated Press (16. april 2008). «Nugent's former drummer, Clifford Davies, found dead of apparent suicide». mLive. Henta 30. oktober 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]