Cliff Richard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Cliff Richard
Cliff Richard Brussels.jpg
Fødd14. oktober 1940
FødestadLucknow
FødenamnHarry Rodger Webb
AliasCliff Richard
OpphavEngland
Aktiv1958-
SjangerRock 'n' roll/pop/gospel
InstrumentVokal, gitar
Tilknytte artistarThe Shadows
PlateselskapEMI, Decca, Columbia, Epic, Rocket, Papillon
Verka somSongar og låtskrivar
Prisaroffiser av Den britiske imperieordenen, Silver Clef Award

Sir Cliff Richard (fødd 14. oktober 1940), fødd Harry Rodger Webb,[1] er ein engelsk låtskrivar, songar, skodespelar og entreprenør.

Med gruppa hans The Shadows regjerte Richard den britiske popmusikken seint på 1950- og tidleg på 1960-talet, før og i løpet av dei første åra The Beatles kom inn på hitlistene. Etter han vart kristen endra musikken og imaget hans seg meir mot pop enn rock. Han klart aldri å slå skikkeleg igjennom i USA, trass i at fleire av singlane hans gjekk inn på listene der.

I løpet av seks tiår har Cliff Richard hatt mange singlar inne på listene, og er i lag med Elvis Presley den einaste artisten som har gått inn på singellista i Storbritannia i alle tiår frå 1950-åra til 2000-åra. Han er den einaste songaren som har hatt singlar på toppen av lista i alle tiår frå 1950- til 1990-åra. Richard har hatt meir enn 130 singlar, album og EPar inne på Topp 20 i Storbritannia, meir enn nokon annan.[2] Han har seld meir enn 260 millionar plater.[3]

Den musikalske karrieren til Richard starta i 1958 med platekontrakt hos EMI. Den første hitten hans var songen «Move It». Han deltok i Melodi Grand Prix to gonger, i 1968 med «Congratulations» og 1973 med «Power To All Our Friends». Han vann aldri, men «Congratulations» vart ein stor hit som framleis er mykje spelt.

I 1973 spelte Richard hovudrolla i «komihumormusikalen» Kofferten, eit samarbeid mellom Sveriges Radio, BBC, YLE og NRK. I 1976 fekk han det endelege gjennombrotet i USA med songen «Devil Woman». Tre år seinare toppa han lister i fleire land igjen med songen «We Don't Talk Anymore», som vart ein av dei største songane hans. Utover 80-talet hadde han fleire hittar. Han fekk ein grammy for beste pop-plate i Storbritannia i 1988, og året etter selde han ut Wembly-arenaen to gonger i eit gigantisk jubileumsshow. I 1999 fekk han sin siste listetopp med «The Millennium Prayer».

Eit utval kjende songar[endre | endre wikiteksten]

Nokre av dei mest kjende songane til Cliff Richard er:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cliffennium, Volume 1 - sir-cliff.com
  2. Top Hits from EveryHit
  3. Sir Cliff Richard calls on Church to bless gay marriage. The Times. 4. september 2008.