Clint Dempsey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Clint Dempsey
Clint Dempsey 20110622.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Clinton Drew Dempsey
Kallenamn Deuce
Fødd 9. mars 1983
Fødestad Nacogdoches
Høgd 185 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Flag of England.svg Fulham FC
Nummer 23
Ungdomsklubbar

2001-2003
USA Dallas Texans
USA Furman Paladins
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2004-2007
2007-
USA New England Revolution
Flag of England.svg Fulham FC
71 (25)
126 (26)
Landslag
2004- USA USA 68 (19)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 13. oktober 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 13. oktober 2010

Clinton Drew Dempsey (fødd 9. mars 1983) er ein USA-amerikansk fotballspelar som har spelt for Fulham FC sidan 2007.

Dempsey vart fødd i Texas, der han voks opp i fattige kår. Etter ungdomstida si kom han på fyrstelaget til New England Revolution frå Massachusetts. I 2007 vart han kjøpt opp av Fulham, og gjekk med det inn i Europeisk fotball. Han vart klubben sin toppskårar i Premier League i 2007/08-sesongen, sjølv om han berre skåra 6 mål. Han spelar framleis for Fulham i 2011.

På landslagsnivå har han delteke i både Fotball-VM 2006 i Tyskland og fotball-VM 2010 i Sør-Afrika. Han skåra i begge turneringane.

Clint Dempsey er gift og har ein son.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk Wikipedia om Dempsey.