Clinton Thomas Dent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Clinton Thomas Dent

Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 7. desember 1850
Sandgate
Død

26. august 1912 (61 år)
London

Yrke fjellklatrer, kirurg, lege
Clinton Thomas Dent på Commons

Clinton Thomas Dent (7. desember 185026. august 1912) var ein engelsk kirurg, forfattar og fjellklatrar.

Dent gjekk i skule og vart utdanna ved Eton College og Trinity College i Cambridge. Han arbeidde som medisinar, mellom anna med undervisning, ved ulike institusjonar i London og i Cambridge.

Ved sidan av Albert Mummery var Dent ein av dei fremste britiske klatrarane som prøvde seg på dei stortoppane i Alpane som ikkje var bestige i den såkalla gullalderen for alpe-klatringa.

Dents fyrstebestigingar i omfattar Lenzspitze i Wallis-Alpane i august 1870, saman med Alexander Burgener og beraren Franz Burgener. Året etter var han fyrstemann til topps på Pizzo d'Andolla ved Saas-Fee-dalen. Den 5. september 1872 kleiv to klatrelag; Dent med føraren Alexander Burgener, samt George Passingham med sine førarar, Ferdinand Imseng og Franz Andenmatten, den aller fyrste oppstiginga til toppen langs søraust-egga til Zinalrothorn. Denne ruta er i dag normalruta på fjellet.[1]

Dent vende seg så mot Aiguille du Dru, ein steil granittind i Mont Blanc-massivet. Etter atten mislukka forsøk, saman med ei rad ulike fjellførarar og kompanjongar, der dei mellom anna nytta stigar, lukkast han nå toppen. Fyrstebstiginga av Grande Aiguille du Dru fann stad 12. september 1878, i lag med James Hartley og fjellførarane Alexander Burgener og Kaspar Maurer.[2]

Saman med landsmennene Mummery, Adolphus Moore og Douglas Freshfield var Dent ein klatrepionerane i Kaukasus. Saman med W.F. Donkin gjorde Dent i 1886 fyrstebestiginga av 4 860 moh høge Gestola.

Dent, som var formann for Alpine Club 1886-90, skal i 1885 ha vore den fyrste som ytra at Sagarmatha kunne bestigast.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. The High Mountains of the Alps, p. 136
  2. Mountaineering in the Alps, p. 137

Kjelder[endre | endre wikiteksten]