Hopp til innhald

Cliodhna Cussen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cliodhna Cussen
StatsborgarskapIrland
Fødd18. september 1932
Newcastle West
Død

2. august 2022 (89 år)

Yrkebilethoggar
EktefellePádraig Ó Snodaigh
Cliodhna Cussen på Commons

Cliodhna Cussen (18. september 19322. august 2022) var ein irsk kunstnar frå Newcastle, vest i grevskapet Limerick. Ho var fyrst og fremst kjend som skulptør som utførte ei lang rad arbeid i stein og bronse.[1] Ho er og novelleforfattar og lyrikar.

Cliodhna Cussen var gift med historikaren, forleggjaren og målaktivisten Pádraig Ó Snodaigh. Dei var busette i Howth rett nord for Dublin, og saman hadde dei seks søner. Aengus Ó Snodaigh blei politikar og parlamentsrepresentant frå ein dublinvalkrins for partiet Sinn Féin. Dei tre brørne Rónán Ó Snodaigh, Rossa Ó Snodaigh og Colm Ó Snodaigh spela i det kjende folkemusikkinspirerte verdsmusikkbandet Kíla. Dei to siste brørne, Cormac Ó Snodaigh og Feargus Ó Sodaigh, dreiv eit sikringsfirma. Familien Ó Snodaigh er ein av dei mest kjende «kulturfamiliane» i Irland.[2]

Kunstnarleg arbeid

[endre | endre wikiteksten]
Cussen si framstilling av Saint Patrick i Máméan i Connemara.

Cliodhna Cussen skapte ei lang rad skulpturar i stein og bronse til torg og andre offentlege stader, til kyrkjefasadar og andre bygg. Mange av arbeida hennar er utførte på oppdrag frå ulike offentlege styresmakter og institusjonar. Eit av dei mest kjende arbeida står der Pearse Street møter College street i Dublin sentrum, like ved Trinity College Dublin. Dette høge steinmonumentet førestiller båtfortøyinga til Ivar Beinlause (794-872), som var kallenamnet på Ivar Ragnarsson, sonen til Ragnar Lodbrok. Ein periode var han konge av Dublin. I 1986 vart denne skulpturen plassert på staden der vikingane skal ha fortøya langskipa sine.[3] Ho har og laga Who made the world-skulpturen i Ballsbridge (Dublin). I 1986 ferdigstilte ho ein statue av heilage Patrick (irsk Naomh Pádraig), fødd 385 eller 390, truleg avliden 461. Saint Patrick er den irske vernehelgenen, som har vore rekna for den som sette i gang kristninga av Irland. Skulpturen er plassert i Máméan i grevskapet Connemara, og framstiller Patrick som ein sauegjetar med ein sau ved føtene.

Cussen skreiv skrive novella «An Eochair» (‘Lykelen’),[4] som er ei fiksjonshistorie om ein kjend figur i irsk litteraturhistorie, og gav ut to diktsamlingar, Sifíní (‘Jordbær’) i 2001 og Turasanna (‘Turar’) i 2011. Cussen var òg teiknar, og ho hadde i ei årrekkje vore blant dei som produserte illustrasjonar til den årvisse kalenderutgjevinga frå forlaget Coisceim.

  1. Sjå utvalde Cussen-skulpturar til sals på Artnet Auctions på http://www.artnet.com/artists/cliodhna-cussen/ Henta 17. august 2019.
  2. Liam Mc Keogh (15. februar 2013), O Snodaigh Family, henta 30. mars 2025
  3. Sjå bilete av denne skulpturen på http://www.dublincity.ie/image/libraries/vl013-long-stone Arkivert 2019-08-17 ved Wayback Machine. Henta 17. august 2019
  4. Sjå bilete av Cliodhna Cussen (frå 2015) og av bokomslaget på novella på https://tuairisc.ie/leirmheas-ar-an-eochair-le-cliodhna-cussen/ Henta 17. august 2019.