Trong fremre runda vokal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Close front rounded vowel)
IPA-teikn y
IPA-nummer 309
Entitet (desimal) y
Unicode (hex) U+0079
X-SAMPA

y

Kirschenbaum y
Lydeksempel

Trong fremre runda vokal er ein vokal som blir brukt i nokre talespråk. Symbolet som blir brukt i det internasjonale fonetiske alfabetet er «y», og det som blir brukt i X-SAMPA er y. I ulike språk kan lyden skrivast som <ü>, <uu>, <u>, <ű>, <y>, <уь> eller <위>. I norsk bruker ein <y>.

I dei fleste språk uttalar ein denne runda vokalen med ikkje-framskotne lepper (eksolabial), men i nokre språk (mellom dei svensk og norsk) uttalar ein han med framskotne lepper (endolabial).

Vokalfirkanten
Endre Fremre Nesten-
fremre
Midtre Nesten-
bakre
Bakre
Trong
i • y
ɨ • ʉ
ɯ • u
ɪ • ʏ
• ʊ
e • ø
ɘ • ɵ
ɤ • o
ɛ • œ
ɜ • ɞ
ʌ • ɔ
a • ɶ
ɑ • ɒ
Nesten-trong
Halvtrong
Sentral
Halvopen
Nesten-open
Open

Ikkje-framskotne lepper[endre | endre wikiteksten]

Trekk[endre | endre wikiteksten]

  • Vokalen er trong, noko som tyder at tunga er så nær ganen som mogleg utan at ho skapar hindringar som ville gjort lyden til ein konsonant.
  • Han er ein fremre vokal, noko som tyder at tunga er så langt framme i munnen som mogleg utan å skapa hindringar som ville gjort han til ein konsonant.
  • Leppestillinga er runda, med ikkje-framskotne lepper, altså nærmar munnvikene seg kvarandre utan at innsida av leppene er synleg.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Språk Ord IPA Tyding Merknader
Albansk dy [dy] «to»
Aserbajdsjansk güllə [ɟylˈlæ] «kule»
Dansk yde [ˈyːðə] «yta»
Engelsk Skotsk engelsk food [fyd] «føter» Somme dialektar. Tilsvarer /u/ (eller /ʉ/) i andre dialektar.
Estisk üks [yks] «éin»
Finsk yksi [yksi] «éin»
Fransk chute [ʃyt] «fall»
Lombardisk dü [dy] «to»
Kinesisk Kantonesisk [syː˥] «bok»
Mandarin 绿 [ly˥˩] «grøn»
Koreansk [y] «topp»
Nederlandsk fuut [fyˑt] «lappedukkar»
Svensk lyte [lyːtə] «defekt»
Tsjetsjensk уьш [yʃ] «dei»
Tyrkisk güneş [ɟyˈneʃ] «sol»
Tysk Blüte [ˈblyːtə] «blome»
Ungarsk tű tyː «pinne»

Framskotne lepper[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste språk med runda bakre og fremre vokalar brukar to typar labialisering, der bakre vokalar har framskotne lepper og fremre vokalar har ikkje-framskotne lepper. Nokre språk, som nordiske eller nordgermanske språk, har likevel fremre vokalar med framskotne lepper. Svensk skil til og med mellom to typar runding hos fremre vokalar.

Sidan det ikkje finst teikn i IPA for å skilja mellom framskotne og ikkje-framskotne vokalar blir det gamle teiknet for labialisering (([ ̫])) her brukt som eit ad hoc-symbol for framskotne vokalar. (Ein annan mogleg transkripsjon er  [yʷ] eller   (ein trong fremre vokal modifisert av endolabialisering), men dette vil kunna feiltolkast som ein diftong.)

Trekk[endre | endre wikiteksten]

  • Vokalen er trong.
  • Han er ein fremre vokal
  • Leppestillinga er runda, med framskotne lepper, altså nærmar munnvikene kvarandre på ein slik måte at innsida av leppene er synleg.
Språk Ord IPA Tyding Merknader
Norsk yta [y̫ːtə] «yta»
Svensk yla [y̫ː(ɥ)la] «hyla»

Sjå òg Svensk fonologi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]