Clwyd-elva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Clwyd (Afon Clwyd)
elv
Pontclwyd 607773.jpg
Clwyd ved Rhuddlan
Land Flag of Wales (1959–present).svg Wales
Region Denbighshire
Kjelde
 - stad Clocaenog Forest
Wikimedia Commons: River Clwyd

Clwyd er ei elv i Denbighshire nord i Wales. Ho har utspringet sitt i Clocaenog-skogen rundt 8 kilometer nordvest for Corwen.

Elva renn først mot sør til Melin-y-Wig, der ho snur og fortset mot nordaust til Ruthin. Her forlèt elva den relativt tronge dalen og renn ut på slettene i Vale of Clwyd (walisisk: Dyffryn Clwyd), der ho renn saman med sideelva Clywedog like sør for Denbigh. Elva fortset nordover i breie meanderar gjennom den fruktbare Clwyd-dalen, og renn nokre kilometer nord for St. Asaph saman med sideelva Elwy, som er omtrent like stor som hovedelva. Vatnet frå dei to elvene kan ofte renne side ved side nedover dalen utan å bli blanda. Clwyd er påverka av tidvatnet nedstraums frå St. Asaph. Elva munnar ut i Liverpoolbukta i Irskesjøen ved Rhyl.

I 1277 bygde kong Edvard I slottet Rhuddlan Castle like ved Clwyd i Rhuddlan. For at forsyningslektarane hans skulle kunne nå fram til slottet, hyrte han inn 968 menn for å arbeide med det som vart kalla «den store grøfta». Ho retta ut den fem kilometer lange elvestrekningen som gjekk frå slottet til havet. Dette var ein enorm ingeniørmessig bragd, sjølv samanlikna med dagens standardar. Ved hjelp av satellittbilete er det framleis mogleg å sjå dei opphavlege svingane og bogane i Clwyd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]