Cocio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Folkevogn med reklame for Cocio.

Cocio Chokolademælk A/S er ein dansk produsent av sjokolademjølk etablert i 1951. Sjokolademjølka skal ifølgje produsenten ikkje innehalde tilsetningsstoff, jamvel om mange av produkta har ein haldbarheit på over eitt år.[1] Det noverande fabrikklokalet ligg i Kjersing nord for Esbjerg, er om lag 8 000 kvadratmeter stort, og vart teke i bruk i 2002.

Cocio Chocoladmælk vert eksportert til Noreg, Sverige, Tyskland, Spania og USA.[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Produkter, arkivert frå originalen 1. desember 2010, henta 2. juli 2009 
  2. Fakta om Cocio, arkivert frå originalen 29. november 2010, henta 2. juli 2009 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Cocio