Hopp til innhald

Cocker spaniel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Einsfarga cocker spaniel.

Cocker spaniel (FCI #005) er ein mellomstor spaniel som høyrer inn blant dei apporterande hundane. I Noreg blir han også kalla berre cocker, medan han mange andre stader i verda gjerne blir omtalt som engelsk cocker spaniel, fordi det også finst ein amerikansk cocker spaniel.

Svart cocker spaniel.

Nøyaktig kva tid cocker spanielen oppstod er litt uklart, men det skjedde med stor tryggleik i England. Truleg har han eit opphav som inkluderer, gjennom andre spanielar, den spanieltypen som allereie fanst i Storbritannia1400-talet. Cocker spaniel eksisterte der på 1700-talet, men rasen blei nok ikkje endeleg utforma før mot slutten av 1800-talet. Før denne tida blei cocker spaniel og engelsk springer spaniel rekna som variantar av same hunderase, men så blei rasen av vektmessige årsaker delt i ein stor (springer) og ein mindre type (cocker). I 1840 kan ein lesa i Encyclopedia of Rural Sports at cockeren vog mellom 5,4 kg og 9 kg. På denne tida var det heller ikkje uvanleg at cocker spanielar og springar spanielar blei fødde i eit og same kull.

Som dei fleste spanielar er også cocker spaniel ein dyktig jakthund, og det var for slike formål han opphavleg blei avla fram. Det kan likevel sjå ut som at spanielrasane berre blei nytta som kortjagarar før 1850, for det finst ingen referansar til at dei fungerte som apporterande hundar. Seinare på 1800-talet dukka det også opp ei rekkje andre spanielar, med blodlinjer frå denne linja. Etter at den britiske spanielklubben blei danna i 1885 blei cocker og den nye springaren til å byrja med bedømt i showringen etter same rasestandard, men etter kvart fekk dei kvar sin standard, då The Kennel Club i 1893 delte typane i to ulike rasar. I dag er det mykje meir ein storleiken som skil cocker og springer spaniel. I England blei The Cocker spaniel Club skipa i 1902, etter at vektgrensa blei oppheva. I USA blei også amerikansk- og engelsk cocker skilde som eigne rasar av American Kennel Club i 1946.

Akkurat kva tid rasen kom til Noreg er ukjent, men det var relativt tidleg. Norsk Spaniel Klub blei grunnlagd allereie i 1935. I Noreg er cocker spaniel den mest kjende av spanielrasane, men meir nyleg har cavalier king charles spaniel vore meir populær. På verdsbasis er likevel cockeren den mest populære av spanielane. Etter kvart som åra har gått har rasen blitt stadig meir «forfina», og det har oppstått nokre ekstremitetar og defektar som følgje av selekteringa til oppdrettarane i avlen.

Hund med kupert hale i ei bok frå 1948.

Cocker spaniel har i dag eit kompakt og feminint uttrykk, på grunn av den lange, ofte svakt bølgjete pelsen (fall) og dei ekstremt lange ørane. Hovudet er langt og skallen velutvikla og meisla ut. Han har markert stopp og eit kvadratisk snuteparti med sterke kjevar. Halsen er måteleg lang, muskuløs og utan laushud. Kroppen er sterk og kompakt, og brystkassa velutvikla med godt buande ribbein. Lendet er kort og breitt. Krysset er breitt og muskuløst. Halen skal vera lågt tilsett, i nivå med ryggen. Rasen blei tidlegare halekupert, men kupering er ikkje lenger tillate i ei rekkje land, mellom anna Noreg. Beina er muskuløse og relativt korte og endar opp i runde, tette labbar med tjukke potar.

Cocker spaniel med kvalpar

Pelsen er lang og skal vera slett og silkeaktig (aldri stri, bølgja eller krølla, sjølv om såkalla fall er normalt), men ikkje for rikeleg. Behåringa skal danna såkalla faner på kroppen og baksidene av beina. Alle fargar og kombinasjonar er tillatne, men hjå elles einsfarga individ er kvitt berre tillate på brystet.

Hannane skal ifølgje FCI vera kring 39-41 cm i skulderhøgd, medan tispene skal vera ca. 38-39 cm høge. Vekta skal liggja på ca. 12,5-14,5 kg. Det skal likevel påpeikast at den britiske standarden seier hannane kan vera 38-43 cm og tispene 38-41 cm i skulderhøgd, og at vekta ligg på ca. 12-15 kg. Det er såleis ein viss skilnad mellom FCI og The Kennel Club.

Bruksområde

[endre | endre wikiteksten]

Cocker spaniel blei i utgangspunktet avla som jakthund fugl og småvilt, opphavleg i samband med såkalla nettjakt. Han blei opphavleg rekna som ein kortjagande settertype, men blir i dag rekna som ein kortjagande apporterande jakthund med gode eigenskapar i kupert terreng. Søket er kva jegerar gjerne kallar hardt drivande, som regel 10-15 meter frå jegeren. Hunden har også framifrå eigenskapar som vassapportør.

Cocker spaniel har likevel også ei rekkje andre flotte eigenskapar som brukshund, ikkje minst på grunn av dei utmerka lukteeigenskapane sine. Mange stader blir han då også brukst som tenestehund, både som eittersøkshund og narkotikahund. Han er også ein populær familiehund og utstillingshund.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Cocker spaniel