Kokosøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Cocosøya)
Kokosøya
Land  Costa Rica
Areal 23,85 km²
Folketal 0
Kart
Kokosøya
5°31′41″N 87°03′40″W / 5.5280555555556°N 87.061111111111°W / 5.5280555555556; -87.061111111111
Wikimedia Commons: Isla del Coco

Kokosøya (spansk Isla del Coco) er ei øy som ligg 550 km frå stillehavskysten av Costa Rica. Ho tilhøyrer Puntarenas kanton i provinsen Puntarenas, og er ein av nasjonalparkane på Costa Rica. Øya er rektangulær i forma, med eit areal på 23,85 km² og ein omkrins på 23,3 km.

Kokosøya er omgjeven av djupt vatn med sterke havstraumar, og er kjent blant dykkarar for bestandar av hammarhaiar, rokker, delfinar og andre store marine artar. Det ekstreme fuktige klimaet og marine miljøet gjer at Kokosøya økologisk er annleis frå både Galápagos-øyane og dei andre øyane (som t.d. Malpelo eller Coiba) i det austlege Stillehavet.[1]

Status og internasjonal merksemd[endre | endre wikiteksten]

Kokosøya blei erklært som ein nasjonalpark ved eit dekret i 1978, og UNESCO utropte øya til verdsarvstad i 1997. I 2002 blei verdsarvområdet utvida til å omfatta havområdet omkring, i ei utstreking av 1 997 km². I tillegg er øya oppført på lista over «Våtmarker av internasjonal viktigheit» under Ramsar-konvensjonen.[2]

På grunn av sjølivet i vatna er Kokosøya blitt rangert som eit av dei ti beste dykkestadane i verda av den amerikanske dykkarorganisasjonen PADI (Professional Association of Diving Instructors).[3] For mange vitjande er hovudattraksjonen på øya dei store dyreartene. Store stimar av hammarhaier kjem hit regelmessig. Dykkarar kan venta å møta dusinvis eller hundrevis av desse og andre større dyr ved nesten kvart dykk. Mindre og fargerike arter opptrer òg i rikt mon, i eitt av dei rikaste reva i det austlege Stillehavet.[4]

Den berømte oseanografen Jacques Cousteau vitja øya fleire gonger, og i 1994 utpeikte han henne til «den venaste øya i verda».

Geologi og landskap[endre | endre wikiteksten]

Eit fossefall på Kokosøya

Kokosøya er ei koralløy med innslag av vulkanske bergartar. Ho er den einaste øya på Kokosplata, ein av dei mindre jordskorpeplatene. Dei eldste bergartene er mellom 1,91 og 2,44 millionar år gamle, og består hovudsakleg av basalt, det vil seia nedkjølt lava. Landskapet er fjellrikt og kupert. Det høgaste punktet er Cerro Iglesias på 575,5 moh.

Eit flatare område i 200–260 meters høgd dannar den sentrale delen av øya. Herfrå strekkjer det seg fleire v-dalar mot kysten.

Kokosøya har fleire korte elver og bekker, med utløp i fire bukter, tre av dei på nordsida (Wafer, Chatham og Weston). Dei største elvene er Genio og Pittier som renn ut i Waferbukta. Fjellandskapet og det tropiske klimaet gjev meir enn 200 fossefall på øya. Jorda på øya er generelt sur og ville lett erodert på grunn av den høge nedbørsmengda og dei bratte skråningane om det ikkje var for det tette skogdekket.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet på øya er hovudsakleg påverka av den sesongmessige forflyttinga til den intertropiske konvergenssona, som gjev nedbør jamt fordelt gjennom året.[5] Øya er fuktig og tropisk, med ein årsmiddeltemperatur på 23,6 °C og total årleg nedbørmengd på over 7 000 mm. Det regner alle månadane i året, men nedbørsmengda er noko mindre frå januar til mars og frå slutten av september til oktober.[6]

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Kokosøya har ein jamn, tett og frodig tropisk fuktig skog. Ho er den einaste øya i det austlege Stillehavet som er dekt av tropisk regnskog. Tåkeskogen i høgareliggande område er òg unik i det austlege Stillehavet. Øya har aldri vore forbunden med noko kontinent, så flora og fauna har utvikla seg ved spreiing over lang avstand frå Amerika. Øya har difor òg mange førekomstar av endemiske artar.

Flora[endre | endre wikiteksten]

Øya har 235 kjende arter av blomsterplanter, der 70 eller nesten 30 % er endemiske. 74 bregne- og bregneaktige artar,[7] 128 mose- og levermoseartar,[8] 90 soppartar og 41 slimsoppartar[9] er rapporterte. Øya har tre plantesamfunn. Kystskogar opptil 50 meters høgd.

Innlandskogane strekkjer seg frå 50 til 500 meters høgd. Trea er omgjevne på alle nivå av epifyttar, inkludert orkidear, bregnar, bromeliadar og mose. Den endemiske palmen Rooseveltia frankliniana er òg vanleg.

På dei høgaste toppane over 500 meter finst tåkeskogar. Melastoma-blomar er dominerande her.

Fauna[endre | endre wikiteksten]

Øya har over 400 kjende insektartar, der 65 (16 %) er endemiske. Det største mangfaldet finn eint blant sommarfuglar og maur. Meir enn 50 arter er blitt skildra (edderkoppar, skolopendrar, tusenbein og tanglus), inkludert ein endemisk edderkopp.

Det finst to artar av øgler på øya, ein anole (Norops townsendii) og ein gekko (Sphaerodactylus pacificus). Begge er endemiske. Ingen amfibium er rapporterte.

Det er blitt rapportert om nesten 90 fugleartar. Øya og klipper i nærleiken har store fuglefjell, koloniar av sjøfugl, mellom anna brunsule (Sula leucogaster), raudfotsule (Sula sula), storfregattfugl (Fregata minor), silketerne (Gygis alba) og brunnoddy (Anous stolidus). Det finst sju artar av landfuglar på øya, tre av dei er endemiske. Kokosøya er blitt erklært eit viktig fugleområde eller Important Bird Area (IBA) av BirdLife International.[10]

Øya har fem pattedyrartar, inkludert grisar, hjort, kattar og rottar. Alle desse blei introduserte av menneske. Styresmaktene i Costa Rica har som erklært mål å halda populasjonar av desse dyra nede, for å redusera skaden på det lokale økosystemet.[11]

Marin fauna[endre | endre wikiteksten]

Det artsrike korallrevet, vulkanske tunnelar, hòler og djuphavet kring Kokosøya husar meir enn 30 korallartar, 60 krepsdyrartar, 600 blautdyrartar og meir enn 300 fiskeartar. Fiskane omfattar store førekomstar av gulfinnetun (Thunnus albacares), djevelskater (Manta birostris), seglfisk (Istiophorus platypterus) og haiar som kvittippa revhai (Triaenodon obesus) og flerhovuda hammarhai (Sphyrna lewini). Ein finn òg den største av alle fiskeartane her, kvalhai (Rhincodon typus).

Av større marine pattedyr finst knølkvalar (Megaptera novaeangliae), grindkvalar (Globicephala macrorhynchus), tumlarar (Tursiops truncatus) og californiasjøløver (Zalophus californianus).[12][13] Det finst også havskjelpadder (Eretmochelys imbricata), suppeskjelpadder (Chelonia mydas) og oliven-bastardskjelpadder (Lepidochelys olivacea) i havområda.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Oppdaging og tidleg kartlegging[endre | endre wikiteksten]

Kart over Kokosøya

D. Lievre skriv i Una isla desierta en el Pacífico; la isla del Coco i verket Los viajes de Cockburn y Lievre por Costa Rica (1962: 134) at det tidlegaste dokumentet med namnet «Isle de Coques» er eit kart målt på pergament som blei vist i 1542 ved hoffet til Frans I av Frankrike.

Nicolás Desliens plasserte i sin planisfære frå 1556 øya, som han kalla Ysle de Coques, 1 1/2 grad nord for ekvator.

Blaeu har i Grand Atlas, som kom ut i 1662, eit fargelagt verdskart på innsida av omslaget som viser I. de Cocos rett over ekvator.

Frederik De Witt gjev i sitt verk Atlas frå 1680 øya same plassering som Blaeu.

Hondius produserte eit kart i Nederland 1590 som viser I. de Cocos på 2° 30' N, medan Theodor de Bry i 1596 viste Galápagosøyene nær 6° N.

Administrativ historie[endre | endre wikiteksten]

Øya blei offisielt innlemma i Costa Rica i 1832 ved dekret nr. 54 frå nasjonalforsamlinga.

Kvalfangarar vitja Kokosøya regelmessig fram til midten av 1800-talet, då kvalbestanden kollapsa og fangstgrunnlaget forsvann.

Den 2. oktober 1863 dumpa slaveskipet «Adelante» 426 polynesiarar på øya. Dei var blitt avviste av styresmaktene i Peru, som ville ha framandarbeidarar, ikkje slavar. Då dei blei berga av det peruanske krigsskipet «Tumbes» den 21. oktober, var det berre 38 overlevande igjen. Dei andre var døde av koppar.

I 1897 oppnemnde costaricanske styresmakter den tyske eventyraren August Gissler til den første guvernøren av Kokosøya, og gav han løyve til å etablera ein kortvarig koloni der.

12. mai 1970 blei Kokosøya administrativt innlemma i provinsen Puntarenas. Dei 33 innbyggjarane på øya, costaricansk tilsynspersonell, fekk høve til å røysta ved val for første gong i 2006. Personellet er ikkje rekna som permanent busett her, så ifølgje folketeljinga er øya ikkje folkesett.[14]

Sjørøvarar og skjulte skattar[endre | endre wikiteksten]

Bilde av eit sjørøverskip innrissa på Kokosøya på 1800-talet

Bennett Graham var kaptein på «HMS Devonshire» med oppgåve om å overvaka det sørlege Stillehavet, då han i 1818 i staden valde sjørøveri. Han blei fanga nokre år seinare, og avretta saman med offiserane medan resten av mannskapet blei sendt til ein straffekoloni på Tasmania. Då ho blei frigjeven tjue år seinare hevda ein av mannskapet, Mary Welch, at ho hadde vore vitne til nedgravinga av rikdommen til Graham på totalt 350 tonn gullbarrar stolne frå spanske gallionar, på Kokosøya. Ho hadde dessutan eit kart med retningar oppgjevne for å visa kvar den såkalla «Devonshire-skatten» var graven ned. Ho fortalde at Graham hadde gjeve kartet til ho rett før han blei fanga. Historia til Welch blei trudd og det blei sendt ein ekspedisjon for å leita etter skatten. Welch var med, men på øya sa ho at landskapet for så endra at mange av ledimerkene var forsvunne. Ekspedisjonen fann ikkje noko.

Benito Bonito, eit portugisisk sjørøvar, skal visstnok ha grave ned Limaskatten på Kokosøya under den peruanske sjølvstendekrigen. Ein annan versjon er at kaptein William Thompson blei gjeven i oppdrag å frakta skattar frå Lima i tryggleik med briggen «Mary Dear». Fristinga skal ha blitt for stor for han og styrmannen James Alexander Forbes. Dei drap vaktene og gøymde skatten på Kokosøya. Løyndomen blei trudd til ein ven av Thompson kalla John Keating i 1844.[15][16]

Truslar[endre | endre wikiteksten]

Den nesten urørte nasjonalparken har kome under aukande press frå ulike aktivitetar. Krypskyting av marine pattedyr i området er ein av desse.[17] Aukande etterspurnad etter tunfisk, haifinnesuppe og annan sjømat trugar økosystemet på øya.[18] Dei costaricanske styresmaktene er blitt skulda både for passivitet og for aktiv støtte til det ulovlege fisket gjennom korrupsjon.[19] Styresmaktene har sett inn tiltak for å verna det opphavlege miljøet på øya og straffeforfølgja ulovleg fangst.[20] Kostnadene ved å patruljera farvatnet og handheva miljølovgjevinga er likevel store, og det finst korrupsjon hos styresmakter både på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kirkendall, L. and Jordal, B. 2006. The bark and ambrosia beetles (Curculionidae, Scolytinae) of Cocos Island, Costa Rica and the role of mating systems in island zoogeography. Biological Journal of the Linnean Society 89(4): 729–743.
  2. «Ramsar Convention text in English». Ramsar.org. Henta 5. desember 2017. 
  3. (en) World's 10 best scuba spots - Active - MSNBC.com
  4. Guzmán, H. M. and Cortés, J. (1992). Cocos Island (Pacific of Costa Rica) coral reefs after the 1982-83 El Niño disturbance. Revista de Biología Tropical 40: 309–324.
  5. Herrera, W. 1984. Informe de campo. Gira realizada a la Isla del Coco con el objetivo de recabar información climatológica. San José, Servicio de Parques Nacionales, 6 s.
  6. Sinergia 69. 2000. Volumen 2. Aspectos meteorológicos y climatológico del ACMIC y su área de influencia. San José, Proyecto GEF/PNUD Conocimiento y uso de la biodiversidad del ACMIC, 184 s.
  7. Gomez, L.D. 1975. The Ferns and Fern-Allies of Cocos Island, Costa Rica. American Fern Journal 65 (4): 102–104.
  8. Dauphin G. 1999. Bryophytes of Cocos Island, Costa Rica: diversity, biogeography and ecology. Revista de Biología Tropical. 47:309–328
  9. Rojas, C. and Stephenson, S.L. 2008. Myxomycete ecology along an elevation gradient on Cocos Island, Costa Rica. Fungal Diversity 29: 119–129.
  10. «Cocos Island». BirdLife Data Zone. BirdLife International. 2020. Henta 10. desember 2020. 
  11. «País en guerra contra especies invasoras de isla del Coco - ALDEA GLOBAL - nacion.com». 
  12. ANNIE. 2012. Orca Whales. Costa Rica Scuba.com. Henta 25. august 2017
  13. Dyer Z.. 2014. VIDEO: Killer whales hunt tiger shark near Costa Rica's Cocos Island. The Tico Times. Henta 25. august 2017
  14. «Censo. 2011. Población total por zona y sexo, según provincia, cantón y distrito». Instituto Nacional de Estadística y Censos (på spansk). Henta 26. september 2020. 
  15. Reagen Smith (26. november 2007). «A history of buried treasure on Coco's Island by Reagen Smith». Daryl Friesen. Arkivert frå originalen 20. august 2011. Henta 31. juli 2010. 
  16. «Lure of Pirate Treasure». Treasureisland.com. 11. april 1998. Arkivert frå originalen 7. februar 2012. Henta 31. juli 2010. 
  17. «Eco-Exchange – April–May 2001 – Modern-Day Pirates Plunder Saltwater Booty Near Costa Rica's Fabled Cocos Island]». Arkivert frå originalen 14 July 2006. 
  18. «38 Million Sharks Killed for Fins Annually, Experts Estimate». 
  19. Rob Stewart på Larry King Show, CNN.com
  20. «Costa Rica Court Rules for Sea Turtles, Jails Captain».