Cocteau Twins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cocteau Twins
Aktiv1979–
Sjangerethereal wave, dream pop, gothic rock, post-punk, shoegaze
Plateselskap4AD

Cocteau Twins var eit skotsk band som var aktivt i perioden 1979-1997. Det blei skipa i Grangemouth av Robin Guthrie (gitar, trommemaskin) og Will Heggie (bass) i 1979,[1] med Elizabeth Fraser på vokal frå 1981 og multi-instrumentalisten Simon Raymonde som erstattar for Heggie i 1983.

Musikken til gruppa var i utgangspunktet postpunk-inspirert, og hadde visse likskapstrekk med band som Siouxsie and the Banshees og Joy Division.[2] Bandet utvikla etterkvart eit eige, meir «drøymande» lydbilde som kom til å påverka fleire andre band gjennom 80- og 90-åra. Sentrale komponentar i musikken var den særprega klangen til vokalisten Elizabeth Fraser, som for det meste bestod av ugjenkjennbare ord og påfunne lydar,[3] og gitaristen Robin Guthrie sin prosesserte gitar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha skrive kontrakt med plateselskapet 4AD i 1982, gav gruppa ut debutalbumet Garlands seinare same året.[3] Etter at Raymonde kom med i gruppa gav ho ut ei rad kritikarroste album og EP-ar med ein ny stil som omfatta The Spangle Maker (1984), Treasure (1984), Aikea-Guinea (1985), Tiny Dynamine (1985), Echoes in a Shallow Bay (1985) og Love's Easy Tears (1986).

Medan gruppa heldt fram med 4AD internasjonalt, skreiv ho kontrakt med Capitol Records i 1988 for distribusjon i USA, og gav ut det femte albumet sitt, Blue Bell Knoll, i september det året.[1] «Carolyn's Fingers» blei mykje spelt på amerikanske radiostasjonar, og nådde andreplasse på Billboard si Alternative Songs-liste.[4]

Bandet blei oppløyst etter utgjevinga av det åttande studioalbumet sitt, Milk & Kisses, medan det arbeidde på eit nytt album som ikkje blei gjeve ut.[3]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Garlands (1982)
  • Head Over Heels (1983)
  • Treasure (1984)
  • Victorialand (1986)
  • The Moon and the Melodies (med Harold Budd, 1986)
  • Blue Bell Knoll (1988)
  • Heaven or Las Vegas (1990)
  • Four-Calendar Café (1993)
  • Milk and Kisses (1996)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Colin Larkin, red. (1997). The Virgin Encyclopedia of Popular Music (Concise utg.). Virgin Books. s. 280. ISBN 1-85227-745-9. 
  2. Prince, Bill (11 September 1982). «New 2 U: Cocteau Twins». Sounds. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Ankeny, Jason. «Cocteau Twins' Biography». AllMusic. Arkivert frå originalen 8. september 2011. Henta 8. mars 2012. 
  4. «Cocteau Twins». Billboard. Arkivert frå originalen 17. november 2021. Henta 13. april 2020.