Codri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Codriåsane)

Codri (russisk Кодры, Kodry) er eit skogområde som i ein åslendt del av Moldova.

I mellomalderen var det meste av fyrstedømet Moldavia sine åsar skogkledde og skogområda vart generelt kalla Codri, der større skogområde fekk namn som Codrii Cosminului (Cosmin Codri), Codrii Plonini (Plonini Codri), Codrii Hotinului, Codrii Orheiului (Orhei Codri), Codrii Lăpuşnei (Lăpuşna Codri).

Sjølv om åsane dekkjer om lag 80-90 % av området i Moldova har skogområda minka etter 1800 på grunn av intensiv jordbruk til om lag 12 %. Enkelte av dei gjenverande skogområda er no verna i nasjonalparkar, men mangelen på skog i landet gjer no at jordbruksområda får langt mindre vatn enn dei fekk i tidlegare hundreår sidan skogen heldt på meir vatn enn berr mark.

Det høgaste punktet i Moldova, Dealul Bălăneşti på 429 meter over havet ligg i Corneştiåsane, mellom elvane Prut og Răut.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]