Codrington

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 17°38′N 61°50′W

Codrington
by
Barbuda ISS008-E-7945.jpg
Land Flag of Antigua and Barbuda.svg Antigua og Barbuda

Codrington
17°37′0″ N 61°49′0″ W
Barbuda.JPG
Kart over Antigua og Barbuda med Codrington markert.

Codrington er ein by på øya Barbuda, som er ein del av øystaten Antigua og Barbuda. Byen hadde 700 innbyggjarar i 1904 og 1252 innbyggjarar i 1991.

Byen blei grunnlagd av Christopher Codrington og broren hans John i 1685.[1] Dei bygde ein festning i byen, men i 1843 blei han øydelagd av eit jordskjelv. Noko av bygningen er framleis intakt. Codrington var den største og viktigaste busetnaden på Barbuda frå slutten av 1600-talet til våre dagar.

I 1741 fann det stad eit slaveopprør i byen. Opprøret braut ut etter Thomas Beach si dårlege behandling av slavane sine. Slavane rømde frå arbeidet sitt og gjorde skade på eigedommen til Codrington-familien.

I september 2017 blei byen totalt evakuert etter ar øya blei råka av orkanen Irma og rundt 95 % av bygningane der blei øydelagde.[2] Innbyggjarar byrja venda tilbake i otober for å gjenreisa byen.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.antiguamuseums.org/Historical.htm
  2. Hanna, Jason; Sterling, Joe; Almasy, Steve (6. september 2017). «Hurricane Irma: Powerful storm blamed for three deaths». ABS TV Radio Antigua & Barbuda (CNN). Henta 6. september 2017. 
  3. «Barbuda After The Hurricane: Residents Return To Pick Up Pieces». BBC News. 17. oktober 2017.