Coenraad Jacob Temminck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Coenraad Jacob Temminck

Coenraad Jacob Temminck (31. mars 177830. januar 1858) var ein nederlandsk adelsmann og zoolog, særleg kjend for arbeidet sitt med fuglar.

His Manuel d'ornithologie, ou Tableau systematique des oiseaux qui se trouvent en Europe (1815) was the standard work on European birds for many years. Gjennom fleire år var verket hans Manuel d'ornithologie (1815) standardreferanseverket for europeiske fuglar. Temminck var den første intendenten av naturhistoriske museum i Leiden frå 1820 og fram til sin død.

Frå faren, som arbeidde på Det nederlandske austindiakompaniet hadde Temminck fått eit stort tal fugleeksemplar i arv. I tillegg til Manuel d'ornithologie, ou Tableau systematique des oiseaux qui se trouvent en Europe (1815) er andre viktige verk av Temminck Histoire naturelle générale des Pigeons et des Gallinacées (1813-1817), Nouveau Recueil de Planches coloriées d'Oiseaux (1820-1839). Han bidrog og til avsnittet om pattedyr i Philipp Franz von Siebold sin Fauna japonica (1844-1850).

Mange fuglar og pattedyr har i det minste i vitskaplege og vanlege namn fått oppkalling etter Temminck. Mellom slike Ancistrus temminckii, Aulacocephalus temminckii, Calidris temminckii (temmincksnipe på norsk), Catopuma temminckii, Cirrhilabrus temminckii, Coracias temminckii, Coracina temminckii, Cursorius temminckii, Dendrocopos temminckii, Ditrema temminckii, Eurostopodus temminckii, Hypoatherina temminckii, Lamiopsis temminckii, Macrochelys temminckii, Manis temminckii, Molossops temminckii, Orthonyx temminckii, Picumnus temminckii, Ptilinopus superbus temminckii, Tragopan temminckii og Zacco temminckii. På engelsk finn ein Temminck's Stint, Temminck's Courser, Temminck's Lark, Temminck's Cormorant, Temminck's Pangolin, Temminck's Babbler, Temminck's Tragopan, Temminck's Sunbird, Temminck's Seedeater og Temminck's Roller.

Han var første klasses medlem av Det kongelege nederlandske vitskapsakademiet (innvalt til føregjengaren Det kongelege nederlandske instituttet), og leiar av fleire utlandske vitskaplege samfunn, mellom anna det svenske Kungliga Vetenskapsakademien (1831) og det franske vitskapsakademiet (1832).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]