Cofánarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cofan smykke i Museo del Banco Central, Cuenca, Ecuador

Cofánarar, òg kalla cofán-folk, er eit urfolk som høyrer heime i provinsane Sucumbíos og Napo[1] nordaust i Ecuador og i det sørlege Colombia, mellom Guamués, ei sideelv til Putumayo og Aguaricó, ei sideelv til Napo. Folkesetnaden deira er no berre 2100 (2010 estimat) menneske, ned frå ca. 15 000 på midten av 1700-talet.[1] Cofán-folket har sitt eige språk, òg kalla cofán, eit språk av chibchan-familien. Landområda til forfedrane, samfunnshelse og sosialt samhøyre i cofán-samfunnet i Ecuador har vorte alvorleg skadd av fleire tiår med petroleumsverksemd i territoriet deira. Likevel, omorganisering, kampanjar for eigne landrettar, og direkte aksjonar mot petroleumsindustrien sine anlegg har ført til eit minimum av stabilitet. Dei største busetjingane inkluderer Sinangué, Dovuno, Dureno og Zábalo, sistnemnde held eit mykje omfattande landområde.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Cofán-folket er ein gammal chibchan-sivilisasjon som har vore busett i regionen gjennom mange hundreår.

Cofán-folket har hatt mange møter med europearar, spanske kolonimakter og ecuadorianarar og colombianarar gjennom historia. Dei forsvarte territoria mot den spanske koloniseringa på slutten av 1500-talet og øydela til slutt den spanske byen Mocoa, som ført til ein spansk retrett. Rafael Ferrer, ein vellykka jesuittmisjonær som kom i 1602, vart jaga ut ettersom soldatar og kolonistar freista å følgje etter han. Vidare kom sporadiske vitjingar frå utanforståande som søkte gull, land og verksemd med handel og evangelisering i løpet av dei neste hundreåra, noko som førte inn europeisk sjukdomar og forårsaka ein kollaps av folkesetnaden.

Gummi-boomen i Amazonas på 1800-talet og tidleg på 1900-talet ført til auka kontakt, særleg med misjonærar, både kulturellt og religiøst. Meslingar, malaria og tuberkulose bringa folkesetnaden heilt ned til 350. Før kontakten hadde det vore 15 000-20 000 menneske av cofán-folket.

Eit cofán-fond har vorte danna for å bidra til å verne kultur, gjenreise kunnskap om tradisjonelle matvarer frå elvane og for å skaffe pengar til å sende nokre born til Quito for utdanning. Stammen byggjer store glassfiberkanoar for elveferdsel som dei brukar sjølv og elles sel. Dei brukar dei nye kanoane for å verne dei få store trea langs elvane som elles blir brukte til båtemne. Det tar 7 timar å kome til næraste bilvegen til Zabalo med ein motorisert kano.

Eit misjonærektepar frå Summer Institute of Linguistics var blant dei få utanforståande som fekk vere i samfunnet. Oppgåva var å omsetje Det nye testamentet til nye språk og å innføre kristendomen. Dei gav medisinar, opna ein skole på cofán-språk, og tilbaud ferdigheitstrening. Dei heldt fram med å oppdra borna sine i cofán-kultur og samarbeidde med cofán-leiaren Guillermo Quenama.

Konflikt omkring petroleumsverksemd[endre | endre wikiteksten]

Oljeselskapet Shell utførte eit mislukka oppdrag i kartlegging av oljeskifer då dei undersøkte cofán-territoriet frå 1945 til 1949.

I 1964 rydda Geodetic Survey, Inc. vegar for seismiske undersøkingar for å finne petroleumsførekomstar for eit Texaco-Gulf konsortium. Leiteboringa skjedde i 1967. Ein veg vart bygd i 1972 frå Quito til den nye oljebyen Lago Agrio og oljeutvinninga tok til. Kolonisering av jordlause bønder frå høglandet følgde etter. Innan 1982, bestod 47 % av folkesetnaden av innvandrarar, 70 % av dei hadde kome i det siste tiåret i samband med utviklinga for petroleumsproduksjon. I mellomtida førekom det utslepp av oljesøl, gassfakling, og utslepp av ubehandla avfall frå produksjonen som undergravde miljøet, og kompromitterte eksistensgrunnlaget og helsa til både cofánarar og kolonistar. Regnskogen rundt Lago Agrio har blitt utsletta i denne regionen og miljøøydeleggingar er alvorlege, med katastrofale oljeureiningar i einskilde område.

Det vart graven fleire hundre basseng for å samle boreslam, vedlikehaldsavfall og avløpsvatnet frå oljeindustrien i Shushufindi i Sucumbíosar-provinsen i ecuadoriansk Amazonas. Nokre av bassenga blei dekt med jord.[2] To ecuadorianskfødde cofán-aktivistar, Luis Yanza og Pablo Fajardo, som krev at Chevron Corporation må rydde opp i eit stort giftig avfallssøl i den ecuadorianske delen av Amazonas fekk i 2008 og 2009 Goldman-prisen.[3]

Seinare i 2009, gjennomførte dei eit gruppesøksmål i Ecuador mot oljeselskapet Texaco, som hadde vorte kjøpt opp av Chevron i 2001. Søksmålet er på vegne av om lag 30 000 menneske av siona, cofán, kichwa og lokale bønder.[4] Dei juridiske påstanden er at mellom 1964 og 1990, dumpa Texaco 68 millionar liter av avfallsvatn frå produksjonen inn i regnskogen rundt den nordvestlege byen Lago Agrio, noko som forureinar jorda der sterkt og trugar helsa til dei opp til 30 000 menneska som lever der. Tilfelle av kreft hadde auka dramatisk i regionen sidan petroleumverksemda byrja. I 2009 starta òg advokaten Pablo Fajardo og to av kollegaene hans ein lokal kampanje.[5] I 2009 sette òg Chevron i gang ein informasjonskampanje for å formidle sitt syn på kva som har hendt. Etter det dei hevdar skjedde ureiningane etter at dei lét over verksemda til det statsåtte oljeselskapet Petroecuador i 1992, og at det i all høve var eit konsortium av begge selskap som var ansvarlege for oljeutvinninga før 1992.

Den innfødde kichwa-leiaren Guillermo Grefa, gjekk saman med cofanarane og møtte opp på den årlege generalforsamlinga i Houston for å konfrontere Chevron. Begge stammane var meir enn litt fornærma av kva oljeselskapa hadde gjort mot landområda til forfedrane deira .[6]

På grunn av den store saksmengda var det venta at det kunne ta 10 år før dommen fall.[4] Avgjersla frå den ecuadorianske domstolen kom likevel tidleg i 2011.[7] Chevron vart dømt til å betale eit beløp tilsvarande 48 milliardar kroner i erstatning til saksøkjarane. Chevron har anka dommen.

Vernetiltak[endre | endre wikiteksten]

Cofanarane har rett til å leve i og ha oppsyn med eit område på 510 km2 i Ecuador som er kalla Reserva Ecológica Cofán de Bermejo, som vart oppretta 30. januar 2002. Cofán har i dag kontroll over nesten 4000 kvadratkilometer regnskog. Sjølv om dette kan virke mykje, er det berre ein brøkdel av det meir enn 30 000 km² store territoriet som opphavleg høyrde til den tidlegare nasjonen deira.

For tida arbeider dei for å bringe tilbake noko av det tradisjonelle dyrelivet som er knytt til kulturen. Mange dyr som lever her er truga i andre regionar, inkludert fleire aper, tapir og amazonasdelfin. Alle artane har berekraftige bestandar i cofán-territorium. I Colombia blei det i 2008 oppretta ein 10 204 hektar stor nasjonalpark for å verne plantar som cofán brukte tradisjonelt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Randall B. Borman, Survival in a Hostile World: Culture Change and Missionary Influence Among the Cofan People of Ecuador, 1954-1994, Missiology 24, no. 2 (1996).
  • Hicks, James F., et al. Ecuador’s Amazon Region: Development Issues and Options. Washington, D.C.: The World Bank, 1990.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Violeta's Amazon project Violeta Villacorta. Henta 29. november 2011
  2. Berlinger, Joe (2010), påstand av Pablo Fajardo i dokumentarfilmen Crude
  3. Enviro-prize irks Chevron - CSMonitor.com
  4. 4,0 4,1 Berlinger, Joe (2010)
  5. Catastrophe in Ecuador
  6. Chevron in Ecuador: Indigenous Kichwa Leader Guillermo Grefa in Houston to Confront Chevron at Shareholders Meeting
  7. Regnskogfondet, 15. februar 2011 Chevron dømt til milliardbot for oljesøl i Amazonas Henta 4. desember 2011

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]