Cogito, ergo sum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
René Descartes

Cogito ergo sum (latin), på norsk eg tenkjer, altså er eg, er den filosofiske grunnsetninga til René Descartes.[1] Frasen vart først brukt på fransk i Discours de la Methode (1637), og på latin i Principia philosophiae (1647).

Descartes utgangspunkt var å tvila på absolutt alt, men at det ikkje er rasjonelt å tvila på sin eigen eksistens medan ein tvilar. Descartes meinte at dersom ein demon freista å få ein til å tenkja at ein eksisterer, så må ein eksistera for å lurast av demonen. Utsegna må altså vera sann.[2]

Dubito, ergo cogito, ergo sum, eg tvilar, difor tenkjer eg, difor er eg, er ei anna form, skrive av Antoine Léonard Thomas i eit essay om Descartes i 1765.

Descartes meinte at alt som er medvites eksistens naudsynlegvis må eksistera, og at vi, uavhengig av sansane kan slutta at Gud må eksistera.[3] Dersom Gud ikkje bedreg sansane våra må den skapte og objektive verda eksistera, og innførde den «cartesiske dualismen», eit skilje mellom ånd og materie, og subjekt og objekt.[4]

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Søren Kierkegaard var kritisk til eg-et i «cogito ergo sum». X tenkjer, og sjølv om eg er X, kan tenkinga gjort av X skiljast frå eksistensen min. Descartes føreset, i følgje Kierkegaard, at det er eg-et som gjer tenking, og at «cogito ergo sum» vert ein type sirkelagrument.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Cogito, ergo sum, snl.no
  2. https://www.britannica.com/topic/cogito-ergo-sum
  3. Descartes' Ontological Argument
  4. René Descartes, filosofi.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]