Col de l'Iseran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
x
Col de l'Iseran
Passhøgda sett frå Pointe des Lessières, 3 041 m
Passhøgda sett frå Pointe des Lessières, 3 041 m

Passhøgda sett frå Pointe des Lessières, 3 041 m

Nordsida Sørsida
Passhøgd 2 770 m
Département Savoie, Frankrike
Stader Bourg-Saint-Maurice Bonneval-sur-Arc
Samband Passveg
Bygd 1936[1]
Vinterstengt 1. oktober - 30. mai
Fjellområde Dei graiiske Alpane
Profil
Klatrekategori 1 1
Stigning (snitt) 4,1 %x (1 955 m / 48 km) 7,3 %x (977 m / 13 km)
Stigning (maks) (ved km 7) (ved km 10)
Kart
Col de l'Iseran (Frankreich)
Col de l'Iseran (Frankreich)
Col de l'Iseran
Col de l'Iseran
x
Koordinatar 45° 25′ 1″ N, 7° 1′ 51″ AKoordinatar: 45° 25′ 1″ N, 7° 1′ 51″ A

Col de l'Iseran er med 2 770 m det høgastliggande køyrbare fjellpasset i Alpane.[2] Det ligg i Dei graiiske Alpane i det franske Département Savoie. Den asfalterte strekninga der ein del av Route des Grandes Alpes.

Vegen knyter saman fjelldalane Isère (Tarentaise) og Arc (Maurienne) renn gjennom. Den eigentlege passvegen strekker seg frå Val-d'Isère i nord til Bonneval-sur-Arc i sør. Nordsida er brattast, vegen har ei stigningsgrad frå 7 til 12 % og går gjennom ei rekke tunnelar og overbygg. Her finn ein kjente vintersportstader som Tignes og Val-d'Isère. På sørsida går vegen i det fri gjennom ein karrig fjelldal. Vegen er berre farbar om sommaren, om vinteren blir den brukt som alpintrasé under skiområdet Espace Killy.

Rett vest for passhøgda ligg Pointe des Lessières, ein relativt lett tilgjengeleg topp på 3 041 m med eit flott utsyn over passvegen.

Tour de France[endre | endre wikiteksten]

Så langt har Tour de France gjort bruk av Col de l’Iseran vore i åra 1938, 1939, 1949, 1949, 1963, 1992 og 2007. Iseran stod på programmet i 1996 òg, men dårleg vær gjorde at klatringa over passet blei tatt ut.

År Etappe Kategori Leiar over toppen
2007 9 HC Jaroslav Popovitsj
1992 13 HC Claudio Chiappucci
1963 16 1 Fernando Manzaneque
1959 18 1 Adolf Christian
1949 17 1 Joseph Tacca
1939 16b ITT Sylvere Maes
1938 14 Felicien Vervaecke

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Roadbook Tour de France, Kristian Bauer, Bruckmann Verlag 2006
  • Peter Leisl, Die legendären Anstiege der Tour de France, Covadonga 2004
  • Serge Laget, Cols mythiques du Tour de France, L’Equipe 2005

Referansar og fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kurt Mair: Die Hochstraßen der Alpen. 9. opplag; Richard Carl Schmidt & Co Braunschweig 1965, ISBN 3-901182-36-5, s. 462
  2. Det går rett nok ei vegsløyfe over Col de la Bonette (2715 m) som når 2 802 m, men sløyfa kan ikkje reknast som eit pass.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]