Colca-dalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Colcadalen)
Colca-dalen
dal
Utsyn over austre delen av Colca-dalen
Foto: Tydence Davis
Land  Peru
Kart
Colca-dalen
15°35′50″S 71°52′45″W / 15.597222°S 71.879167°W / -15.597222; -71.879167
Wikimedia Commons: Colca Valley

Colca-dalen (spansk Valle del Colca) er eit dalføre, dels eit steilt gjel (canyon) omtrent 160 kilometer nordvest for byen Arequipa i Peru. Med ei djupne på mellom 1000-2000 meter, botnen ligg på ca. 2000 meter over havet og kanten er på 3000-4000 moh., er dette ein av dei djupaste canyonar i verda. Lengda er omtrent 70-100 kilometer, mellom byen Chivay lengst i aust og landsbyen Andamayo i vest.[1] Colca-dalen har samfunn som er forankra før inkatida, og landsbyar grunnlagt i spansk kolonialtid, framleis med bebuarar frå opphavlege kulturar. Den lokale folkesetnaden held oppe tradisjonane sine og held fram med dyrking i terrassane frå før inkatida.

Utkikksplassen Mirador Cruz del Condor
Foto: José Porras

Mellom 100 000 og 200 000 menneske vitjar Colca canyon årleg, med det er området tredje største turistmålet i landet.[2] Turistar kjem til utkikksplassen Mirador Cruz del Condor for å sjå andeskondorar, og for fotturar på eit utval av stiar. Ein kan sjå Nevado Mismi, 5597 moh., på nordsida av dalen, av mange rekna som den mest fjerne vasskjelda til Amazonaselva.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Paulo, A., Gałaś, A. & Gałaś, S. Planning the Colca Canyon and the Valley of the Volcanoes National Park in South Peru. Environ Earth Sci 71, 1021–1032 (2014). https://doi.org/10.1007/s12665-013-2506-9
  2. 25 Top Tourist Attractions in Peru, Touropia.com, oppdatert 25. september 2021, henta 17. oktober 2021
  3. Colca Canyon Rough Guides, henta 17. oktober 2021

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]