Colette Besson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Colette Besson

Colette Besson på den olympiske sigerspallen i 1968
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 7. april 1946
Saint-Georges-de-Didonne
Død

9. august 2005 (59 år)
Angoulins

Yrke mellomdistanseløpar, sprintar, friidrettsutøvar
Språk fransk
Høgd 169 centimeter
Colette Besson på Commons

Colette Besson (7. april 19469. august 2005) var ein fransk sprintar frå Saint-Georges-de-Didonne som vart olympisk meister på 400 meter i 1968.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Besson overraska stort på 400 meter under dei olympiske sommarleikane 1968 i Mexico-byen. Med en gode tida 52,0 tok ho gullmedaljen framom favorittane Lillian Board frå Storbritannia (52,1)og Natalja Petsjonkina frå Sovjetunionen (52,2).

Året etter fekk Besson sølv på same distansen i europameisterskapen 1969 i Aten, slått på målstreken av landskvinna Nicole Duclos. Sølvmedalje fekk ho også i 4 × 400 m stafett, der ho som ankerkvinne vart slått i spurten av Lillian Board. Seinare klarde ikkje Besson å hevde seg i internasjonale tevlingar og la opp i 1977.

Ho døydde i La Rochelle av kreft.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]