Colin Jackson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Colin Jackson i 2006

Colin Ray Jackson (fødd 18. februar 1967) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar frå Cardiff som hadde 110 meter hekk som si spesialøving. Han vart europameister fire gongar på rad, 1990-2002, samt verdsmeister 1993 og 1999. Dessutan vann han OL-sølv 1988, VM-sølv 1997 og VM-bronse 1987. I 1991 sette han verdsrekord på korthekken med 12,91 sekundar, ein rekord som stod i femten år.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Jackson starta med friidrett som ein lovande tikjempar, men spesialiserte seg tidleg på hekkeløp. Han vart junioreuropameister på 110 meter hekk i 1986, same sesongen vart han nummer to i Samveldeleikane med tida 13,42 sekundar, kanadiske Mark McKoy vann på 13.31.

Ved friidretts-EM 1987 tok han bronsemedaljen på korthekken, tevlinga vart vunne av USA-amerikanske Greg Foster. Året etter fekk Jackson sølvmedaljen under Sommar-OL i Seoul, men var heile tre tidels sekundar bakom vinnaren, Roger Kingdom frå USA. I 1990-sesongen vann Jackson 110 m hekk både under Samveldeleikane i Auckland, og europameisterskakpen i Split. Ved begge høva kom englendaren Tony Jarrett på sølvplassen, men medan Jackson var suveren i Auckland; 13,06 mot 13,34, skilde det berre tre hundredels sekund i Split.

Sesongane 1991 og -92 var Jackson tidvis plaga av skadar. Han imponerte i semifinalen under somarlerikane 1992 i Barcelona, men mislukkast i finalen. På tampen av 1992-sesongen vann han hekkeløpet under verdsfinalen i Habana på tida 13,07.

Den 20. august 1993 forbetra Jackson den fire år gamle verdsrekorden til Roger Kingdom på 110 meter hekk med eitt hundredels sekund, til 12,91 sekundar. Rekordforbetringa kom i hekkefinalen under VM i friidrett i Stuttgart. Verdsrekorden vart fyrste gongen tangert i 2004 av Liu Xiang, og forbetra i 2006. I same verdsmeisterskapen deltok han på Storbritannia sitt lag som tok sølv på 4 x 100 m stafett.

I 1994 kopierte Jackson dobbeltsigeren frå Samveldeleikane 1990 og EM 1990. I begge desse meisterskapane var vinnartida den same; 13,08 sekundar. Etter fjerdeplass på korthekken under OL 1996 vann han ein sølvmedalje ved friidretts-VM 1997. År 1998 sette han ny meisterskapsrekord med 13,02 då han vart europameister i Budapest.

Jackson vann i 1999 sitt andre VM-gull. Året etter deltok han i sin fjerde strake OL-finale på 110 m hekk, der han enda på femteplass. I 2002 sikra han seg sin fjerde strake EM-triumf på korthekken; 1990, 1994, 1998 og 2002.

Innandørs vann Jackson tre EM-titlar på 60 m hekk og ein på 60 meter, samt ein VM-tittel på 60 m hekk. Han sette verdsrekord på 60 m hekk i 1994 med tida 7,30 sekundar. Etter innandørs-VM i Birmingham i 2003, la han opp.

Jackson sprang ved fem høve under 13 sekundar på 110 m hekk, hans personlege rekord er på 12,91 sekundar. På 100 m har han prestert 10,29 sekundar. Gjennom femten strake sesongar fekk han notert bestetid på 110 m hekk i Storbritannia, ein prestasjon han er åleine om.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]