Colin Powell
| Colin Powell | |||
| | |||
| Fødd | 5. april 1937 | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | New York by | ||
| Død | 18. oktober 2021 | ||
| Dødsstad | Walter Reed National Military Medical Center | ||
| Rang | general, general | ||
| Eining | United States Army | ||
| Konfliktar | Vietnamkrigen, USAs invasjon av Panama, Golfkrigen | ||
Colin Luther Powell (5. april 1937–18. oktober 2021) var ein USA-amerikansk militæroffiser og politikar frå New York City.
Powell var yrkesmilitær frå 1958. Han deltok 1962/63 og 1968-71 i Vietnamkrigen. Etter å ha vorte utnemnt til general var han frå 1987 til -89 nasjonal tryggingsrådgjevar for president Ronald Reagan. Frå oktober 1989 til september 1993 var han stabssjef for USA sine væpna styrkar. Som den øvste militære leiaren i forsvarsdepartementet leia han invasjonen av Panama i 1989–90 og Operasjon Desert Storm i Golfkrigen mot Irak i 1990–91.
Frå 2001 til 2005 var Powell utanriksminister i USA under president George W. Bush. I den eigenskap heldt Powell den 5. februar 2003 ein tale i dei Sameinte Nasjonar sitt tryggingsråd der han hevda at Irak var i ferd med å lage kjemiske masseøydeleggingsvåpen. Denne påstanden, som viste seg å vere grunnlaus, nytta USA til å invadere Irak den 20. mars 2003 og føre krig i og okkupere landet fleire år framover.
Powell var frå 1995 til januar 2021 medlem i Det republikanske partiet. Han melde seg ut av partiet etter at sympatisørar av Donald Trump storma parlamentsbygningen i Washington D.C.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |