Hopp til innhald

Colin Walker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Colin Walker
Fødd8. juli 1949 (76 år)
OpphavStorbritannia
SjangerRock
Klassisk musikk
InstrumentCello
Tilknytte artistarElectric Light Orchestra
PlateselskapHarvest Records
Verka somMusikar

Colin Walker (fødd 8. juli 1949) er ein engelsk cellist.

Walker vart fødd i Minchinhampton i Gloucestershire og vart utdanna ved Royal Academy of Music i London. I følgje han sjølv var den største mistaket i livet hans å ikkje takke ja til å spele på The Beatles sin «Eleanor Rigby» (Haines, Guttenbacher og Petersdorff 2000). Han vart med i Electric Light Orchestra i 1972 på cello etter forslag frå fiolinisten Wilfred Gibson og debuterte med ELO på Reading Festival i 1972. Walker spelte cello på ELO 2, singelen «Showdown», som var John Lennon vart omtalt som ein av favorittsongane hans, og halve On the Third Day, men slutta i bandet i 1973 for å gifte seg.

Etter han slutta i ELO gjekk han attende til jobben som musikklærar og spelte cello på songen «Fool's Gold», på albumet Thought Talk av Starry Eyed and Laughing.

Han spelar i dag cello i Royal Opera House i Covent Garden i London.