Colleferro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Colleferro er ein by og ein kommune i provinsen Roma i regionen Lazio i Italia. Kommunen har i kring 22 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 27 km².

Byen Colleferro ligg i Sacco-dalen, på nordsida av fjellet Monti Lepini, 218 meter over havet og 54 kilometer aust for Roma. Han voks til på 1910-talet, i kring ein ammunisjonsfabrikk. Byen vart av den grunn eit bombemål under andre verdskrigen, i framkant av den allierte landgangen i Italia.

I dag er det kjemikaliekonsernet SNIA og sementprodusenten Italcementi som sysselset flest arbeidarar, men enno finst våpenproduksjon i Colleferro.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]