Colombia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Columbia, eit namn knytt til mykje i eller frå USA.
[endre]
República de Colombia

(norsk: Colombia, colombiansk)

Det colombianske flagget Det colombianske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Oh Gloria Inmarcesible!»
Motto spansk: Libertad y Orden (fridom og orden)
Geografisk plassering av Colombia
Offisielle språk Spansk
Hovudstad Bogotá
Styresett
Republikk
Juan Manuel Santos
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
1 138 910 km² (25.)
8,8 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
45 239 079 (28.)
39,7 /km² (134.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
Frå Spania
20. juli 1810
7. august 1819
Nasjonaldag 20. juli
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
431 900 mill. USD (28.)
9 800 USD (89.)
Valuta Colombiansk peso
Tidssone UTC -5
Telefonkode +57
Toppnivådomene .co


Colombia er ein republikk i det nordvestlege Sør-Amerika som grensar til Panama i nordvest, Det karibiske havet i nord, Venezuela i aust, Brasil, Peru og Ecuador i sør og Stillehavet i vest.

Kart over Colombia

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Barranquilla - Atlántico

Colombia har kyst både mot Atlanterhavet og Stillehavet. Rio Magdalena er den største elva og renner sør-nord-vest i landet. Pico Cristobal Colon og Pico Simon Bolivar er dei to høgaste fjella og ligg nordaust i Colombia.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Colombia har tropisk klima, men dei høgareliggande områda kan ha litt andre klimaforhold. På Stillehavskysten, og i dei lågare sidene av dei vestlege Andesfjella har ein regnmengder på over 2500 mm, og fleire stader meir enn 5000 mm i året. Alle månadane her er våte. Temperaturane og fukta held seg høg året rundt og klimaet er generelt lummert og trykkande. Noko uvanleg er det derimot at det meste av regnet kjem om natta, men ein har òg ein god del torevêr på ettermiddagen.

Kystområda langs Det karibiske havet er derimot ikkje så våte, og her er det tørrast frå desember til mars. Området er òg varmt og fuktig. Mot aust av denne kysten er regnmengdene låge for å vere eit tropisk kystområde.

Det meste av dei sentrale områda av Colombia er fjellområde, og dei høgaste toppane i Andesfjella her stig til over 5000 m. Fjella utgjer ei rekkje fjellrekkjer mellom dei store elvene Magdelenaelva og Caucaelva som strøymer nordover i dei vide dalane. Temperaturane her er avhengig av høgda. Fjellområda over 4500 m får mesteparten av nedbøren sin som snø, og heile området får om lag 1000-2500 mm nedbør på eit år, og nedbøren er jamt fordelt gjennom året.

I Bogotá er nettene kjølige, men sjeldan verklege kalde, og frost har ein nesten aldri. Dagane har fine temperaturar, men det vert sjeldan svært varmt. Ein har ofte skya vêr og regn om ettermiddagen.

Låglandet i austlege delar av landet er mindre folkesett og lite utvikla. Klimaet her er varmt året gjennom med ein god del nedbør, om lag 2000-2500 mm i året. Som i andre område av det nordlege Amazonasbekkenet har ein hovudsakleg to våtare periodar, ei frå desember til januar og ei i april og mai.

Historie[endre | endre wikiteksten]

For å forklare dagens situasjon i Colombia må ein gå heilt tilbake til koloniseringa. På 1600- og 1700- talet var det meste av Sør-Amerika spanske koloniar. Men det tok slutt då fridomskjemparen Simon Bolivar starta ein frigjeringskamp i fyrste halvdel av 1800-talet. Han frigjorde Colombia, Venezuela, Panama, Ecuador og Peru frå spansk kontroll, og fekk det spanske overherredømmet til å nesten få dødsstøytet på kontinentet.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

I likskap med mange latinamerikanske land har colombiansk politikk blitt dominert av to parti. Dei liberale og dei konservative. Desse partia delte makta mellom seg noko som stod nedfelt i grunnlova. Til tross for dette er presidenten partipolitisk uavhengig. Uansett så er politikken slik at eit lite mindretal har nesten all makta. Landet er USAs viktigaste støttespelar i regionen og er kjent for å ha ein lang voldeleg politisk historie. Desse valdsferda eksisterer framleis med fleire radikale grupper som slåst både mot regjeringa og kvarandre. Regjeringa er ofte skulda for å ha tette band til denne gruppa.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Colombia har eit stramt budsjett og store innanrikskonfliktar. Andre problem er mange arbeidsledige og stor fattigdom. Colombias største eksportvarer er olje og kaffi, i tillegg er det stor ulovleg eksport av narkotika. Presidenten har derimot sett i gang ein rekke økonomiske reformer.

Forsvar[endre | endre wikiteksten]

Colombias forsvar består av tre delar: • Ejercito Nacional de Colombia (hæren) • Armada Nacional de Colombia (sjøforsvaret) • Fuerza Aerea Colombiana (Luftforsvaret)

Presidenten er øvstkommanderande, men forsvarsdepartementet står for det daglege tilsynet. Dei militære styrkane består av ca 250 000 soldatar. Colombia brukar ca 6,1 BNP på forsvar, dette er ein av dei høgaste i verda. Det er allmenn verneplikt og verneplikta er to år.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Den normale politikken i det nyliberale Colombia ser du også i universitetspolitikken. Frå starten av 90-talet har det vore ei enorm privatisering av studieplassane. Berre 25 % av elevane går på offentleg universitet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Colombia
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.