Colombiatyrann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Colombiatyrann

Status i verda: LC Livskraftig

ColombiatyrannFoto: Wikimedia-brukar Mateo.gable
Colombiatyrann
Foto: Wikimedia-brukar Mateo.gable
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Tyrannidae
Slekt: Myiarchus
Art: M. apicalis
Namn på andre språk
Vitskapleg namn
Myiarchus apicalis
Sclater & Salvin, 1881

Colombiatyrann (Myiarchus apicalis) er ein fugl i tyrannfamilien som lever i eit stort utbreiingsområde i Magdalendalen (departementa Santander, Boyacá og Huila), i indre Valle del Cauca-departementet og i Cauca-departementet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Arten har ein tyisk tyrann-utsjånad, han er mellomstor, ca. 17 centimeter med kroppsvekt på rundt 30 gram. Fjørdrakta til vaksne fuglar har mørk olivenbrun overside og gul underside. Strupen og brystet er i lys grå farge. Han skil seg frå andre artar i denne slekta ved at han har lys haletipp. Habitatet til colombiatyrannar kan variere, det kan vere i tørr krattvegetajon og i meir opne område med nokre tre. Føretrekt høgd er under 1700 moh., men total strekk ho seg frå 400 til 2500 moh.[1]

Dei sit på greiner i låg eller middels høgd, der dei ventar på insekt. Små frukt kan òg gå inn i dietten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Joseph, 2004

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Colombiatyrann