Colosseum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Colosseum (fleirtyding)
Colosseum

Colosseum i Roma er eitt av dei best kjende og mest imponerande byggverka frå romartida. Det vart byrja på av keisar Vespasian i år 72. Den fjerde og øvste etasjen vart bygd under Titus, og amfiteateret vart innvigd i år 80.

Bygningen forfall i kristen tid og delar av han vart øydelagd av eit jordskjelv i 1349. Anlegget kunne romma 50 000 tilskodarar og alle hadde nummererte plassar.

Arkitekten er ukjend. Bygningen er 188 m lang, 155 m brei og 48 m høg. Byggmaterialet er travertin. Bogeopningane har halvsøyler; fyrste høgda dorisk søyleorden, andre høgda jonisk og tredje høgda korintisk søyleorden. Dette er seinare nytta i teater og vert ofte kalla teatermotivet.

Interiøra er gått tapt, men det skal ha vore eit plankegolv over romma for scenemaskineriet. Colosseum var det største amfiteatret for dyre- og gladiatorkampar i antikken.

Bakgrunnssttoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Colosseum
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.