Colosseum II

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Colosseum II
OpphavEngland
Aktiv1975-1978
Sjangerjazz

Colosseum II var eit britisk progressivt jazzrockband skipa i 1975 av den tidlegare Colosseum-trommeslagaren og bandleiaren Jon Hiseman, i lag med gitaristen Gary Moore.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter at det førre bandet hans, Tempest vart oppløyst, annonserte Hiseman planane hans om eit nytt, ikkje enno namngjeve band i november 1974, men berre Moore vart nemnt som medlem i bandet. Øvingane skulle byrje 1. januar 1975, men ei permanent besetning var ikkje klar før i mai 1975. Blant musikarane som vart vurderte var songaren Graham Bell, klaverspelaren Duncan Mackay og den tidlegare Colosseum- og Tempest-bassisten Mark Clarke. Besetninga vart til slutt fullført av songaren Mike Starrs, klaverspelaren Don Airey og bassisten Neil Murray. Bandet vart orientert mot jazzfusion, mykje driven av gitarspelinga til Moore, som førte til ein langt tyngre lyd enn det originale Colosseum.

Etter skuffande salstal av det første albumet deira, Strange New Flesh, slutta Murray, medan Starrs fekk sparken i juli 1976. Dei fortsette med eit nytt plateselskap og ein ny bassist, John Mole, og ytterlegare to, stort sett instrumentale og kommersielt mislykka album. Dei spelte òg på Variations med Andrew Lloyd Webber, i lag med Julian Lloyd Webbercello, Rod Argent på klaverinstrument og kona til Hiseman, Barbara Thompson, på fløyte og saksofon. Dette albumet nådde andreplassen på den britiske albumlista.

I august 1978 slutta Moore og vart med att i Thin Lizzy i ein fjerde periode, og broren til Airey, Keith Airey erstatta han på gitar. Planar om eit fjerde album vart ikkje noko av då Don Airey valde å bli med i Rainbow i desember 1978.

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

  • Jon Hiseman – trommer, perkusjon (1975–1978) (d. 2018)
  • Gary Moore – gitar, vokal (1975–1978) (d. 2011)
  • Don Airey – klaverinstrument, synthesizer (1975–1978)
  • Neil Murray – bass (1975–1976)
  • Mike Starrs – vokal (1975–1976)
  • John Mole – bass (1976–1978) (d. 2006)
  • Keith Airey – gitar (1978)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]