Colour My World av Chicago

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Colour My World
Singel av Chicago
frå albumet Chicago
A-side «Make Me Smile»,
«Beginnings»
Utgjeve Mars 1970,
Juni 1971
Sjanger Softrock
Lengd 2:59
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) James Pankow
Produsent James William Guercio
Chicago-kronologi
«Beginnings»
(1969)
Colour My World «25 or 6 to 4»
(1970)
-kronologi
«Lowdown»
(1971)
Colour My World «Questions 67 and 68» /
«I'm a Man»
(1971)


«Colour My World» er ein song skriven av den amerikanske musikaren James Pankow, ein av dei opphavlege medlemmane i gruppa Chicago. Songen var ein del av songsyklusen/suiten «Ballet for a Girl in Buchannon» av Pankow, som vart spelt inn for det andre albumet deira, Chicago, òg kalla Chicago II (1970). Terry Kath syng solovokal på songen, medan Walter Parazaider spelar ein fløytesolo.

Songen vart teken med til Acuff-Rose Music i Nashville so ein enkel fem akkordar song med tekst. Earl Knosher utvida og arrangerte så progresjonen, og la til fargerike septim- og noneakkordar for å gjere songen unik. Septimakorden som byrjar songen har blitt kalla «den mest kjende septimakkorden i musikkhistoria».[1] Mr. Knosher arrangerte òg fløytesoloen og spelte piano på den første demoen av songen.

Songen vart opphavleg gjeven ut som B-side til «Make Me Smile» i mars 1970. Han vart gjeven ut på ny i juni 1971 som B-sida til nyutgjevinga av «Beginnings». Denne andre singelen nådde sjuandeplassen på den amerikanske Billboard Hot 100.

«Colour My World» vart ein populær slow-dans-song på skuleball i 1970-åra.

Chicago spelar framleis songen, anten som ein eigen song, eller som ein del av heile suiten. Etter at Kath døydde i 1978 var det Bill Champlin som song songen fram til 1991, og sidan vart han sungen av Robert Lamm.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stephenson, Ken (2002). What to Listen for in Rock, s. 83. ISBN 0-300-09239-3.