Colt 1903

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Colt Model 1903 Pocket Hammerless

Colt Model 1903 Pocket Hammerless er ein kaliber .32 ACP sjølvladande pistol utvikla av John Browning og produsert av Colt-fabrikkane. Fem år seinare kom modell 1908 i kaliber .380 ACP.

Desse var populære sivile skytevåpen, vart delvis bruka av politi og vart au tekne inn som sjølvforsvarspistolar for høgare offiserar i USA sitt militærvesen frå 1940-talet til 1970-talet, da lagra var tomme. Generalane Eisenhower, Marshall og Patton var mellom dei som hadde slike.

Om lag 570 000 av desse pistolane vart produserte mellom 1903 og 1945, i fem ulike typar. Magasinet held 8 skot i .32 eller 7 i .380.

Pistolen er single action. Med ein sjølvladepistol tyder ikkje det at hanen må spennast for kvart skot, slik det er med single action revolverar. Det tyder berre at ein ikkje kan bera våpenet med skot i kammeret og hanen nedspent, og så berre trykkje på avtrekkjaren for å få det første skotet til å gå, slik ein kan med double action-pistolar. Ved dei neste skota spenner sjølvladesystemet sjølvsagt hanen på single action-pistolar au. Skal ein single action-pistol berast klar til skot, må hanen vera spend og sikringa på. Men det er sikrare å bera våpenet utan skot i kammeret, og så ta eit raskt ladegrep før første skot.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Colt 1903

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den engelskspråklege wikipediaen, som har ein lengre artikkel her [2]