Colt Canada C7

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

C7 og C8 er automatgevær frå Colt Canada, tidlegare kjent som Diemaco. C7 er ein klona av det velkjende M16-geværet som er standardvåpen til dei væpna styrkane i USA, medan C8 er ein klona av M16s viderutvikling: karabinversjonen M4. Sagt på ein annan måte, C8 er karabinversjonen av C7. Alle nemnde gevær er ein del av AR-15 familien, og har dermed røter tilbake til utviklinga av M16 på 60-talet. C8 sin fordel framfor nemnde våpen er dens «heavy barrel», eit ekstra tjukt forkromma løp, som toler ekstrem ildgivning utan å gløda eller endra form.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg har Jegerkommandoen til hæren (HJK) og Marinejegerkommandoen (MJK) C8 som sit standardvåpen, då med ein versjon kalla C8SFW, der SFW står for Special Force sin Weapon. C8SFW er karabin-forma og svært lik C8 og M4.

Forsvaret sitt spesialkommando testa ut HK416 i ein periode, men gjekk fort tilbake til Diemaco C8SFW. Grunnen er at HK416 ikkje er utstyrt med "heavy barrel" slik C8sfw er. FSK har 25 års røynsle med C8sfw, og valde difor å halda på dette som standard angrepsrifle.

Andre brukarar[endre | endre wikiteksten]

C7 er approbert som Gevær M/95 i det danske forsvaret der det er standardgevær, medan C8 er kalla Karabin M/96. C7 og C8 vert òg brukt som standardvåpen i opphavslandet Canada, av og dessutan hæren og marinekorpset i Nederland. Dei britiske spesialstyrkene Special Air Service og Special Boat Service brukar berre C8, på same måte som dei norske spesialstyrkene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]