Colwell Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Colwell Bay er ei bukt vest på Isle of Wight. Ho ligg mellom byane Totland og Yarmouth. Lengst nord i bukta ligg Cliff's End (Fort Albert), punktet på øya som ligg nærast det britiske fastlandet. Her ligg Hurst Castle på enden av ei lang halvøy, berre 1500 meter mot nordvest. Det sørlegaste punktet i bukta er Warden Point.

Colwell Bay har ei populær strand med ei lengd på 3 km. Ho består av sand og grus og her finst fasilitetar som kafear, butikkar og utleige av diverse utstyr.

Eit område på 13,56 hektar har vorte erklært ein geologisk stad av særleg vitskapleg interesse (SSSI). Staden er kjend for geologi frå eosen-tida.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. What are Maritime Cliffs, Solent Forum

Koordinatar: 50°41′4″N 1°32′39″W