Come Fly with Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Come Fly with Me
Typefjernsynsserie
SjangerKomedie, mockumentar
OpphavslandStorbritannia
Produksjonsland Storbritannia
Sesongar1
Episodar6
Lengd28 min. (per episode)
SpråkEngelsk
SkaparMatt Lucas, David Walliams
ProdusentAdam Tandy
RegiPaul King
Periode25. desember 2010–
27. januar 2011
KanalBBC One
Biletformat16:9

Come Fly with Me er ein britisk mockumentar- og komiserie skapt av David Walliams og Matt Lucas, som òg speler i hovudrollene. Serien er ein parodi på britiske dokumentarar, som Airport og Airline, og følgjer kvardagslivet ved London Stansted Airport og tre fiktive flyselskap: FlyLo, eit britisk lågprisflyselskap, Our Lady Air, eit irsk lågprisflyselskap, og Great British Air, eit stort internasjonalt britisk flyselskap. Serien vart send første gongen 25. desember 2010 på BBC One og BBC One HD, og på NRK 24. februar 2011 under tittelen Fly med oss![1]

Walliams og Lucas speler mange av dei fokale medarbeidarane på flyplassen, i tillegg til nokre passasjerar. Trass at BBC hadde annonsert ein oppfølgjarserie, stadfesta Walliams i januar 2013 at ein andre serie ikkje ville bli produsert.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fly med oss! (Sesong 1)». NRK. 24. februar 2011. Henta 11. november 2019. 
  2. «David Walliams: Matt Lucas 'vetoed' Come Fly With Me sequel». BBC. 4. januar 2013. Henta 11. november 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]