Hopp til innhald

Come Taste the Band

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Come Taste the Band
Studioalbum av Deep Purple
Språk engelsk
Utgjeve 7. november 1975[1][2]
Innspelt 3. august–1. september 1975
Studio Musicland (München)
Sjanger
Lengd 37:16
Selskap Purple
Produsent Martin Birch & Deep Purple
Deep Purple-kronologi 
Stormbringer
(1974)
Come Taste the Band Perfect Strangers
(1984)


Singlar frå Come Taste the Band
  1. «Gettin' Tighter»
    Utgjeve: Januar 1976 (US only) [4]
  2. «You Keep On Moving»
    Utgjeve: 12. mars 1976 (UK/Europe) [5]

Come Taste the Band er det tiande studioalbumet til det engelske rockebandet Deep Purple, gjeve ut 7. november 1975. Det vart produsert og lydteknisk tilrettelagt av bandet og den mangeårige samarbeidspartnaren deira Martin Birch.

Det var den siste studioinnspelinga med Deep Purple før bandet vart oppløyst i 1976, og dermed det einaste studioalbumet med Mark IV-besetninga av bandet, med Tommy Bolin (som erstatta Ritchie Blackmore) på gitar, og det siste av tre album med David Coverdale på solovokal og Glenn Hughes på bassgitar/vokal. Bolin døydde kort tid etter albumutgivinga, medan verken Coverdale eller Hughes vart involvert i det reaktiverte Deep Purple i 1984

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[6]
BBC Music(middels)[7]
Blogcritics(middels)[8]
Rolling Stone(positiv)[9]
Sputnikmusic3.5/5 stars[10]

Albumet selde rimeleg bra ved utgivinga (19. plassen på den britiske albumlista,[11] og 43. plassen i USA[12]). Albumet vart sertifisert til sølvplate den 7. november 1975 av BPI, og selde 60 000 eksemplar i Storbritannia.[13]

I dei seinare åra har albumet fått ei viss kritisk revurdering «på eigne merittar», delvis på grunn av Bolin sine bidrag til albumet.[14][15] Gillan (som forlét banda litt over to år tidlegare) har derimot uttalt at han ikkje ser på albumet som eit ekte Deep Purple-album.[16] Lord lovprisa kvaliteten på albumet i intervju mange år seinare, og uttalte at «når ein høyrer på det no, er det eit overraskande bra album», samtidig som han erkjende at «det verste ein kan seia om det er at det etter meininga til dei fleste ikkje er eit Deep Purple-album.»[17]

Record World skrev at singelen «Gettin' Tighter» «syner gruppa på sitt beste: rockande opp ein storm.»[18]

Den doble 35-årsjubileumsutgåva vart gitt ut 25. oktober 2010 og inneheld originalalbumet i ommastra form pluss ei sjeldan amerikansk singelutgåve av «You Keep On Moving» på den første plata, og ein full albumremix og to upubliserte spor på den andre plata: «Same in LA», eit tre minutt langt unytta studioopptak frå den endelege utgivinga i 1975, og «Bolin/Paice Jam», ein fem minutt lang instrumental jam med Bolin og Ian Paice.[19]

Etter at turneen for dette albumet vart avslutta i 1976, vart Deep Purple oppløyst i åtte år. Tommy Bolin danna sitt eige band som turnerte som oppvarmingsband for Peter Frampton og Jeff Beck, men det vart kortvarig då han døydde av multippel narkotikaforgifting i desember 1976. Både morfin, kokain, lidokain og alkohol vart funnen i kroppen hans.[20]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All solovokal av David Coverdale utanom der anna er nemnt.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«Comin' Home»Bolin, Coverdale, Paice 3:55
2.«Lady Luck»Jeffrey Cook, Coverdale 2:48
3.«Gettin' Tighter»Bolin, HughesHughes3:37
4.«Dealer»Bolin, CoverdaleCoverdale, Bolin3:50
5.«I Need Love»Bolin, Coverdale 4:23
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
6.«Drifter»Bolin, Coverdale 4:02
7.«Love Child»Bolin, Coverdale 3:08
8.«This Time Around / Owed to 'G'»Hughes, Lord / BolinHughes / Instrumental6:10
9.«You Keep On Moving»Coverdale, HughesCoverdale, Hughes5:19
Total lengd:37:16

35-årsjubileumsutgåva[endre | endre wikiteksten]

Plate ein: Originalalbum
Nr.TittelLengd
1.«Comin' Home»3:54
2.«Lady Luck»2:48
3.«Gettin' Tighter»3:36
4.«Dealer»3:53
5.«I Need Love»4:24
6.«Drifter»4:05
7.«Love Child»3:07
8.«This Time Around / Owed to 'G'»6:13
9.«You Keep On Moving»5:22
10.«You Keep On Moving (Singel edit)» (bonusspor)4:32
Plate to: 2010 Album Remixes
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Comin' Home» 4:08
2.«Lady Luck» 2:46
3.«Gettin' Tighter» 4:23
4.«Dealer» 3:55
5.«I Need Love» 5:16
6.«You Keep On Moving» 5:18
7.«Love Child» 3:05
8.«This Time Around» 3:24
9.«Owed to 'G'» 2:56
10.«Drifter» 3:59
11.«Same in LA» (ikkje tidlegare utgjeven)Coverdale, Hughes, Paice, Lord3:19
12.«Bolin/Paice Jam» (ikkje tidlegare utgjeven)Bolin, Paice5:47
Total lengd:90:30

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Deep Purple
Produksjon
  • Produsert av Martin «The Wasp» Birch og Deep Purple
  • Lydteknisk utført av Martin Birch
  • Sluttmiks av Martin Birch og Ian Paice
  • Coverfotografi av Peter Williams
  • Ommastra av Dave Schultz og Bill Inglot ved Digiprep i Los Angeles
  • 2010-remix av Kevin Shirley på The Cave, Malibu, California
  • Mastering av Bob Ludwig.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975-1976) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[21] 11
Den danske albumlista[22] 18
Nederlandske album (MegaCharts)[23] 12
Tyske album (Offizielle Top 100)[24] 29
Italienske album (Musica e Dischi)[25] 7
Den japanske albumlista (Oricon)[26] 14
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[27] 6
Norske album (VG-lista)[28] 6
Svenske album (Sverigetopplistan)[29] 16
Britiske album (OCC)[30] 19
US Billboard 200[31] 43

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[21] Gull 35 000^
Czech[32] Gull 50,000[32]
Storbritannia (BPI)[33] Sølv 60 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Deep Purple certifications». 
  2. Popoff, Martin (2016). The Deep Purple Family (2nd utg.). Wymer Publishing. s. 187. ISBN 978-1-908724-42-7. 
  3. «Come Taste the Band». Rolling Stone. 
  4. «Deep Purple-singlar». 
  5. Popoff, Martin (2016). The Deep Purple Family (2nd utg.). Wymer Publishing. s. 194. ISBN 978-1-908724-42-7. 
  6. Henderson, Alex. «Deep Purple - Come Taste the Band review». AllMusic. All Media Network. Henta 21. februar 2017. 
  7. Moffitt, Greg (2010). «Deep Purple Come Taste the Band: 35th Anniversary Edition Review». BBC Music. Henta 21. februar 2017. 
  8. Bowling, David (6. desember 2011). «Music Review: Deep Purple - Come Taste the Band». Blogcritics. Henta 21. februar 2017. 
  9. Nicholson, Kris (12. februar 1976). «Deep Purple - Come Taste the Band». Rolling Stone. Henta 21. februar 2017. 
  10. Twort, Jamie (13. mai 2010). «Deep Purple - Come Taste the Band». Sputnikmusic. Henta 21. februar 2017. 
  11. «Deep Purple Official Charts». Official Chart Company. Henta februar 2017. 
  12. «Deep Purple Chart History: Billboard 200». Billboard. Henta 5. februar 2017. 
  13. «BPI Certified Awards Database: search for Artist Deep Purple». BPI. Arkivert frå originalen 1. mai 2013. Henta 21. februar 2017. 
  14. «Album Of The Week Club Review: Deep Purple - Come Taste The Band». loudersound.com. 14. mai 2018. Henta 16. august 2018. 
  15. «Deep Purple Come Taste the Band: 35th Anniversary Edition Review». BBC. Henta 16. august 2018. 
  16. «Gillan Has 'No Interest' In Deep Purple Mark III, Says Glenn Hughes Is 'Copying Stevie Wonder'». Blabbermouth.net. 15. januar 2009. Henta 22. februar 2017. 
  17. «Deep Purple «Come Taste the Band»-dokumentar». YouTube. Henta 20. oktober 2014. 
  18. «Single Picks» (PDF). Record World: 12. 21. februar 1976. Henta 8. mars 2023. 
  19. «Deep Purple - Come Taste The Band 35th Anniversary Due in October; Details Available». Bravewords.com. Brave Words & Bloody Knuckles. 6. september 2010. Henta 10. februar 2012. 
  20. Nick Talevski (2006). Knocking on Heaven's Door: Rock Obituaries p.42-43. Omnibus Press, 2006
  21. 21,0 21,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  22. «Danske Hitliter: Come Taste the Band - Deep Purple» (på dansk). Royal Library, Danmark. Henta 26. februar 2017. 
  23. "Deep Purple – Come Taste the Band". Dutchcharts.nl. Hung Medien.
  24. "Offiziellecharts.de – Deep Purple – Come Taste the Band" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 9. juli 2023.
  25. «Classifiche». Musica e Dischi (på italiensk). Henta 27. mai 2022.  Set «Tipo» on «Album». Then, in the «Artista» field, search «Deep Purple».
  26. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005 (på japansk). Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  27. "Deep Purple – Come Taste the Band". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
  28. "Deep Purple – Come Taste the Band". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
  29. "Deep Purple – Come Taste the Band". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
  30. "Deep Purple | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 8. juli 2023.
  31. "Deep Purple Album & Song Chart History" Billboard 200 for Deep Purple. Prometheus Global Media. Henta 8. juli 2023.
  32. 32,0 32,1 «Czech Gold». Billboard: 70. 17. november 1979. Henta 16. mars 2020. 
  33. «British album salstrofé – Deep Purple – Come Taste The Band». British Phonographic Industry.  Enter Come Taste The Band in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go