ComicWiki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

ComicWiki er ein dansk teikneserie-wiki bygd opp på same måten som Wikipedia, men med avgrenning og spesialisering innanfor alt som har med teikneseriar å gjere.

Ein del av artiklane på ComicWiki er utdjupingar av emne ein også finn på Wikipedia (til dømes Donald Duck, Asterix, Lucky Luke, Tintin og Blueberry), mens andre artiklar er meir spesialiserte, slik at det ikkje finst ein tilsvarande artikkel på Wikipedia (til dømes Familien Ands stamtræ,[1] Asterix erobrer Rom,[2] Lucky Luke 1946-50,[3] Tintin i Sovjet[4] og Den unge Blueberry.[5]

I Sverige har ein eit tilsvarande oppslagsverk i Seriewikin, medan noko liknande ikkje finst i Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Familien Ands stamtræ - ComicWiki», comicwiki.dk, henta 27. august 2019 
  2. «Asterix erobrer Rom - ComicWiki», comicwiki.dk, henta 27. august 2019 
  3. «Lucky Luke 1946-1950 - ComicWiki», comicwiki.dk, henta 27. august 2019 
  4. «Tintin i Sovjetunionen - ComicWiki», comicwiki.dk, henta 27. august 2019 
  5. «Den unge Blueberry - ComicWiki», comicwiki.dk, henta 27. august 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]