Commodore 65

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Commodore 65

ProdusentCommodore International
Typemodell
ProsessorMOS Technology 4510
Lansert1990
Minne128 kilobyte
Operativsystem (OS)KERNAL, Commodore BASIC
Commodore 65

Commodore 65 (òg kjend som C64DX, må ikkje forvekslast med den berbare Commodore SX-64) var ein prototypedatamaskin utvikla av Fred Bowen og andre ved Commodore Business Machines (del av Commodore International) i 199091. Prosjektet vart kansellertav administrerande direktøren Irving Gould.

Commodore 65 var ein forbetra versjon av Commodore 64. Den var meint å vere bakoverkompatibel med den eldre forgjengaren samtidig som den hadde fleire avanserte funksjonar i nivå i nærleiken av Amiga.

Då Commodore International gjekk konkurs i 1994 vart ei rekkje prototypar seld på det opne marknaden, noko som gjorde at om lag 50-2000 eksemplar hamna i private hender.

Tekniske spesifikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Prossessoren var ein CSG 4510 R3 med kodenamnet Victor som hadde ein fart på 3.54 MHz
  • Grafikkbrikka var ein CSG* 4567 R5 med kodenamnet Bill som var i stand til å vise 256 fargar, ut av ein fargepalett på 4096 fargar.
  • Lydbrikka var to stykk CSG* 8580R5 SID som produserte stereo lyd (Commodore 64 hadde berre ein SID)
  • 128 KB RAM, oppgraderbar til 8 MB ved hjelp av RAM expansion port lik den for Commodore Amiga 500
  • Kraftig forbetra BASIC: Commodore BASIC 10.0 (Commodore 64 hadde "berre" BASIC 2.0, som, var omtrent 10 år gamalt på denne tida.)
  • Ein føreslått spesifikasjkon som aldri vart implentert den endelege prototypen var intern 3½" diskettstasjon
(* CSG = Commodore Semiconductor Group, Tidlegare kjend som MOS Technology, Inc.)