Communication for Change
Communication for Change er eit utvekslingsprogram som vert arrangert av Kirkens Nødhjelp og Norges KFUK-KFUM. Programmet er finansiert av Fredskorpset gjennom Fredskorpset Ung-programmet.
Programmet rettar seg mot personar mellom 18 og 25 år, og innebér eit forkurs i Kenya, eit opphald på 3 månader i Afrika eller Latinamerika, i tillegg til studiet Global Forståelse 1 ved Høgskolen i Oslo og Akershus og informasjonsarbeid i Norge.
I 2014-2015 er det til saman 28 deltakarar på programmet, frå Norge, Kenya, Nicaragua, Tanzania, Madagaskar, Sør-Afrika og Brasil.
Av dei norske deltakarane er 8 rekruttert gjennom Kirkens Nødhjelp og 6 gjennom Norges KFUK-KFUM.
Historikk
[endre | endre wikiteksten]Communication for Change vart starta i 1996 av Kirkens Nødhjelp, som organisasjonen si eittåringsteneste. Ungdomsrørsla til Kirkens Nødhjelp, Changemaker, var sentral i utforminga av programmet. Norges KFUK-KFUM vart med på programmet i 1997. Under opphaldet i Norge er deltakarane basert på Sunnmøre folkehøgskole i Ulsteinvik, som etter kvart har fått ei viktig rolle i den pedagogiske delen av programmet. Sidan starten har om lag 300 deltakarar vore med på programmet.
Programmet i 2014-2015
[endre | endre wikiteksten]Programmet startar i august 2014 med eit oppstartskurs i regi av Fredskorpset. Deretter deltar alle på eit tre-vekers kurs i Kenya. Uteopphaldet vil finne stad mellom september og desember 2014, og vårsemesteret 2015 vil finne stad på Sunnmøre folkehøgskule.
Lenker
[endre | endre wikiteksten]Communication for Change Arkivert 2014-02-27 ved Wayback Machine.
Sunnmøre folkehøgskule
Global forståelse 1 Arkivert 2014-10-19 ved Wayback Machine.