Computertomografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
CT-apparat i eit sjukehus

Computertomografi (CT) er ein radiologisk undersøkingsmetode. Det blir laga snittbilde (tomogram) som syner kroppslege strukturar i ulike plan, eventuelt tredimensjonalt. Ordet «tomogram» er avleia frå gresk tomos (snitt) og graphia (beskriving). Sjølv om bruk av CT er mest vanleg innanfor helsevesenet, blir det òg nytta innanfor andre område, t.d. materialprøving.

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.