Concerto grosso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Concerto grosso (fleirtal concerti grossi) er ein av dei to konserttypane i barokken som vart utvikla av italienarane. Denne typen konsert liknar veldig på solokonserten, men det er fleire solistar (solistgrupper) som spelar mot orkesteret, i staden for ei. Ei gruppe soloinstrument (concertino, ofte to fiolinar og cello eller to fløyter eller oboar og fagott) vekslar med heile orkestret (tutti, ripieno).

Av komponistar som har skrive concerti grossi finn ein mellom andre Corelli, Vivaldi, Händel og Bach.