Conductus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Conductus er nemninga på ein tidleg religiøs songstil med fleire stemmer, nytta i den katolske kyrkja. Denne songvarianten er den første som ikkje er tufta på gregoriansk song, men heilt fritt samansett. Conductus vart som oftast sunge medan bibelen vart boren i prosesjon fram til tekstlesinga. Songen kunne ha ein, to eller tre stemmer. Stilen vart til under Ars antiqua, og mykje nytta i denne tida. For første gong finn ein at verdsleg song har vore nytta som forelegg for komposisjonane, heller enn kyrkjesongen.

Conductus vart truleg til i Frankrike kring 1150, og halden i hevd til om lag 1300. Tidlege conductus handla ofte om helgenliva, gjerne til dei som hadde døydd i samtida, slike som Thomas Becket. Seinare Conductus vart ofte nytta til kritikk av misleghald innanfor kyrkja. Nokre av desse tekstane ser ut til å vera heller oppøste, og det er lite truleg at dei har vore nytta i gudstenesta. All tekst var skriven på latin.

Stilistisk skil conductus seg frå organum, som er tufta på kyrkjesongen. Medan Organum hadde cantus firmus, og ulik fart på stemmene, er conductus jamn i rytmen, og alle syng mest homofont.

Ars nova braut fram, gjekk conductus av moten, og vart borte. Stilen heldt seg lengst i Tyskland, der han vart halden i hevd til midt på 1300-talet. Jacob av Liége nytta conductus som døme på sømeleg song då han gjekk til åtak på den nye musikken tidleg i hundreåret.