Connie Willis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Connie Willis
ConnieWillisCW98 wb.jpg
Fødenamn Constance Elaine Trimmer
Nasjonalitet USA
Fødd 31. desember 1945
Denver
Yrke Forfattar, lærar
Påverka av H.P. Lovecraft, Bruce Sterling, William Gibson, Neal Stephenson, John le Carré
Periode 1980-talet-no
Sjanger Fantastisk litteratur, science Fiction
Nettstad http://conniewillis.net
Connie Willis på Commons

Constance Elaine Trimmer Willis (fødd 31. desember 1945) er ein amerikansk science fiction- og fantasy-forfattar kjend under namnet Connie Willis. Ho har vunne elleve Hugo-prisar og sju Nebula-prisar for særskilde verk — fleire høgthengande prisar enn nokon anna forfattar.[1][2] I 2009 blei ho teken inni Science Fiction Hall of Fame,[3][4] og i 2011 blei ho utnemnd til SFWA Grand Master av Science Fiction Writers of America.[5]

Fleire av verka hennar tek for seg tidsreiser utført av historiestudentar ved Universitetet i Oxford i framtida.[6] Denne såkalla Time Travel-serien omfattar novella «Fire Watch» (1982), romanane Doomsday Book og To Say Nothing of the Dog (1992 og 1998) og den todelte romanen Blackout/All Clear (2010).[6] Alle fire vann Hugoprisen og alle bortsett frå To Say Nothing of the Dog vann også Nebulaprisen.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Willis blei fødd i Denver i Colorado. Ho studerte engelsk og pedagogikk ved Colorado State College (no University of Northern Colorado) som ho gjekk ut frå i 1967.[7][8] Ho gifta seg med Courtney Willis, som ei tid var fysikkprofessor ved University of Northern Colorado, og busette seg i Greeley i Colorado. Dei har ei dotter, Cordelia.

Willis arbeidde først som lærar. Ho gav ut si første novelle, «The Secret of Santa Titicaca», i bladet Worlds of Fantasy vinteren 1970 (desember).[9] Minst sju noveller følgde (1978–81) før debutromanen Water Witch, som ho skreiv med Cynthia Felice og gav ut på Ace Books i 1982.[9] Same året fekk ho eit stipend frå National Endowment for the Arts og slutta som lærar for å skriva på heiltid.[10]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

(utval)

  • Water Witch (1982), med Cynthia Felice
  • Lincoln's Dreams (1987)
  • Light Raid (1989)
  • Doomsday Book (1992)
  • Impossible Things (1993)
  • Uncharted Territory (1994)
  • Remake (1994)
  • Bellwether (1996)
  • Promised Land (1997), med Cynthia Felice
  • To Say Nothing of the Dog (1997)
  • Passage (2001)
Connie Willis på Worldcon 2005 i Glasgow

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Hugoprisen[endre | endre wikiteksten]

Vann

Nomineringar

  • Daisy, In the Sun : novelle : 1980
  • The Sidon in the Mirror : langnovelle : 1984
  • Blued Moon : langnovelle : 1985
  • Spice Pogrom : kortroman : 1987
  • At the Rialto : langnovelle : 1990
  • Time-Out : kortroman : 1990
  • Cibola : novelle : 1991
  • In the Late Cretaceous : novelle : 1992
  • Jack : kortroman : 1992
  • Miracle : langnovelle : 1992
  • Remake : roman : 1996[13]
  • Passage : novelle : 2002[14]
  • Just Like the Ones We Used to Know : kortroman: 2004

Nebulaprisen[endre | endre wikiteksten]

Vann

Nomineringar

  • The Sidon in the Mirror : langnovelle : 1984
  • Schwarzschild Radius : langnovelle : 1988
  • Jack : novella : 1992
  • Death on the Nile : langnovelle : 1994
  • Bellwether : roman : 1998
  • To Say Nothing of the Dog : roman : 1999[12]
  • Passage : roman : 2002[14]
  • Just Like the Ones We Used to Know : kortroman : 2005

Locusprisen[endre | endre wikiteksten]

Vann

  • Doomsday Book: roman: 1993[11]
  • To Say Nothing of the Dog: roman: 1999[12]
  • Passage: roman: 2001[15]

Nominering

  • Lincoln's Dreams: roman : 1988[16]

Arthur C. Clarke–prisen[endre | endre wikiteksten]

Nomineringar

  • Doomsday Book: roman : 1993[11]
  • Passage: roman : 2001[15]

World Fantasy Awards[endre | endre wikiteksten]

Nomineringar

  • Chance : novella : 1987
  • The Winds of Marble Arch : kortroman : 2000

John W. Campbellprisen for beste roman[endre | endre wikiteksten]

Vann

  • Lincoln's Dreams: 1988[16]

Britiske Science Fiction Association sin pris[endre | endre wikiteksten]

Nominering

  • Doomsday Book: roman : 1993[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Merrick, Helen. «Nebula Awards Interview: Connie Willis». Science Fiction and Fantasy Writers of America. Henta 3. april 2013. 
  2. 2,0 2,1 «sfadb : Connie Willis Awards». www.sfadb.com. Henta 14. november 2015. 
  3. «EMP|SFM Announces its 2009 Science Fiction Hall of Fame Inductions». empsfm.org. 14. august 2009. Arkivert frå originalen 2009-08-14. Henta 14. november 2015. 
  4. Strock, Ian Randal (6. april 2009). «2009's Science Fiction Hall of Fame Inductees». Science Fiction Hall of Fame. http://sfscope.com/. Arkivert frå originalen 2012-07-10. Henta 6. juni 2009.  External link in |publisher= (hjelp)
  5. «Damon Knight Memorial Grand Master». Science Fiction and Fantasy Writers of America (SFWA). Henta 3. april 2013. 
  6. 6,0 6,1 «Time Travel - Series Bibliography». www.isfdb.org. Henta 3. april 2013. 
  7. UNC Writers’ Conference Features Internationally Renowned Sci Fi Author, henta 11 October 2015 
  8. «University Archives: RG18 ALUMNI». University of Northern Colorado: University Archives. January 27, 2002. Henta June 6, 2009. 
  9. 9,0 9,1 «Connie Willis - Summary Bibliography». www.isfdb.org. Henta 3. april 2013. 
  10. "Connie Willis: The Facts of Death", Locus, January 2003, p. 7.
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 11,4 «1993 Award Winners & Nominees». Worlds Without End. Henta 4 maj 2009. 
  12. 12,0 12,1 12,2 «1999 Award Winners & Nominees». Worlds Without End. Henta 4 september 2009. 
  13. «1996 Award Winners & Nominees». Worlds Without End. Henta 4 september 2009. 
  14. 14,0 14,1 «2002 Award Winners & Nominees». Worlds Without End. Henta 4 september 2009. 
  15. 15,0 15,1 «2001 Award Winners & Nominees». Worlds Without End. Henta 5 september 2009. 
  16. 16,0 16,1 «1988 Award Winners & Nominees». Worlds Without End. Henta 5 maj 2009.