Conny Torstensson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Conny Torstensson
Statsborgarskap Sverige
Fødd 28. august 1949 (74 år)
Lofta
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1978, VM i fotball 1974

Jan Conny Torstensson (fødd 28. august 1949) er ein svensk fotballspelar frå Lofta församling. Perioden 1970-76 var han med om å vinne europacupen for Bayern München og han vart svensk cupmeister og seriemeister med Åtvidabergs FF.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Torstensson spelte på Åtvidabergs FF frå 1967 til 1973. Våren 1970 vann laget den svenske cupfinalen, ein prestasjon laget gjorde oppatt eitt år seinare. Sesongane 1972 og 1973 gjekk Åtvidaberg heilt til topps i Allsvenskan. Hausten 1973 møtte Åtvidaberg i europacupen Bayern München, vinnaren av den vesttyske bundesligaen. I München sigra heimelaget 3-1. I returoppgjeret i Åtvidaberg leia heimelaget med 3-0, to av måla stod Torstensson for. Uli Hoeneß berga ekstraomgangar for Bayern München, som til sist gjekk vidare i turneringa etter straffeskyting.

I november 1973 vart Torstensson mot 580 000 tyske mark overført til Bayern München. Våren 1974 vann FC Bayern i europacupen for aller fyrste gong, Torstensson spelte begge finalane mot Atlético Madrid. Same våren vart han elles vesttysk seriemeister med München-klubben. Også i 1975 spelte Torstensson europacupfinale, då FC Bayern slo Leeds United. Derimot var han benkeslitar då FC Bayern i 1976 sigra i europacupfinalen for tredje året i rad. Torstensson gjorde meir av seg i europacup-turneringane enn i bundesligaen. På 21 europacupkampar skåra han 10 mål.

Sommaren 1977 flytta Torstensson til den sveitsiske fyrstedivisjonsklubben FC Zürich. Hausten 1978 vende han tilbake til Åtvidabergs FF, som nettopp hadde rykkt oppatt i Allsvenskan. Ved sesongslutt i 1980 la han vekk fotballskorne.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Torstensson spelte frå 1972 til juni 1979 i 40 av Sveriges landskampar. Han deltok både i VM 1974 og VM 1978. I den fyrste meisterskapen hadde han fast plass i fyrsteellevaren, i Argentina i 1978 einast innbytar i kampen mot Austerrike. I hans siste kamp for Tre Kronor på Råsunda stadion vart det 0-0 mot England. Han skåra 7 mål for Sverige.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av Europacupen: 1974, 1975, 1976 for Bayern München
  • Nasjonal cupmeister: 1970, 1971 for Åtvidabergs FF
  • Svensk seriemeister: 1972, 1973 for Åtvidabergs FF
  • Vesttysk ligameister: 1974 for Bayern München

Kjelder[endre | endre wikiteksten]