Conradine Dunker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Conradine Dunker

Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. august 1780
Christiania
Død

11. september 1866 (86 år)
Christiania

Yrke skribent, salongvertinne
Born Bernhard Dunker, Vilhelmine Ullman
Conradine Dunker på Commons

Conradine Birgitte Dunker (25. august 178011. september 1866), fødd Hansteen, var ein norsk kulturarbeidar som fekk stor tyding i samtida si. Ho er kjend for memoara sine, som kom ut i bokform og blei mykje lesne.

Dunker var dotter av konsumptionsdirektør Johannes Mathias Hansteen og Anne Cathrine (fødd Treschow), og syster av vitskapsmannen Christopher Hansteen. Ho var gift to gangar, første gang bortgifta med kaptein Ulrik Aamodt (1758–1806) som ho fekk ei dotter med, Elisabeth «Lisette» Aamodt. Den andre ektemaken hennar var bergassessor Wilhelm Dunker (1755–1844), som ho fekk fire barn med, Jacobine Dunker (1808–1857), pedagogen Vilhelmine Ullmann, juristen Bernhard Dunker og Gustav Dunker (1826–1892).

Paret budde i Tyskland 1807–1810 før dei flytta til Christiania og starta gruveforretning, losji og jenteskule. I hovudstaden var ho engasjert i kulturliv, spesielt innan teatermiljøet, som skodespelar. I 1831 flytta dei til Trondheim. Etter at ektemannen døydde i 1844 budde ho med dottera Jacobine og dreiv jenteskule. Etter at dottera døydde i 1857 flytta Conradine Dunker tilbake til Christiania og blei mellom anna leiar for Det Dramatiske Selskab.

Ho var modell for «Oldemor» i Bjørnstjerne Bjørnson sitt skodespel Leonarda (1879). Sjølvbiografien sin frå Christiania og Trondheim skreiv ho sjølv, i brevform: Gamle dage; Erindringer og tidsbilleder, først utgitt 1871 og trykt i nye opplag 1877, 1909 og 1985.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]