Constantina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Constantina
Excideuil église vitrail choeur (7).JPG
Fødd325 (juliansk)
Roma
Død354 (juliansk)
Romarriket
Hus eller slektdet konstantinske dynastiet
LandRomarriket, Austromarriket
MorFausta
FarKonstantin den store
EktefelleHannibalianus, Constantius Gallus

Constantina (fødd kring 320, død 354) var dotter av Konstantin den store av Romarriket og seinare rekna som ein kristen helgen. Ho blir også kalla Constantia og Constantiana,[1] og i seinare kjelder Costanza og Constance.

Constantina levde på ei tid då det var strid om herredømet over Romarriket, også innanfor keisarfamilien. Samtidig var riket i ferd med å få kristendommen som statsreligion. I samtida var Constantina knytt til konfliktar om maktutøving og skulda for å vera blodtørstig. I ettertid som helgen er ho blitt rekna som ein god kristen.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Constantina var eldstedottera til Konstantin den store og den andre kona hans Fausta, som var dotter av keisar Maximianus. Ho hadde tre yngre brør, dei seinare keisarane Konstantin II, Konstantius II og Konstans, og to yngre systrer, Helena, som blei romersk keisarinne, og Fausta. Ho hadde også ein eldre halvbror, Crispus. I 326 avretta Kontantin først Crispus og seinare Fausta og fordømde minnet deira av grunnar som ikkje er klare.

I 335, to år før han døydde, innførte keisar Konstantin eit maktdelingssystem for dei tre sønene sine og ein nevø, Flavius Dalmatius: Alle fire blei utnemnde til cæsar med mynde over ein viss del av riket. Til forskjell frå tetrarkiet Konstantin hadde vore del av hadde desse fire avgrensa makt – dei styrte over militæret og hadde elles ei symbolsk stilling.

I 335 gifta Konstantin henne bort til fetteren Hannibalianus og gav henne tittelen augusta. To år seinare utnemnde han Hannibalianus til Rex Regum et Ponticarum Gentium, 'konge av kongar og herskar over pontarane'.

Seinare same året, i 337, døydde Konstantin. Hannibalianus var ein av medlemmane av keisarfamilien som blei drepen i maktkampen som følgde. Constantina er ikkje nemnd i historiske nedteikningar på over eit tiår.[1]

Bror hennar Konstantius II var blitt ny keisar, og i 351 gifta han bort Constantina til fetteren Gallus, som han gav tittelen cæsar og namnet Constantius Gallus. Vigselen fann stad 15. mars 351 i Sirmium. Ekteparet fekk ei dotter, Anastasia, som ein ikkje kjenner det fulle namnet eller skjebnen til.[2]

Constantina og Constantius Gallus blei sende til Antiokia i Syria, for å styra den austlege delen av Romarriket og stå imot trugsmålet frå Persarriket.[3] Her blei Gallus etterkvart upopulær, og slo ned eit kuppforsøk med avrettingar av ei rekkje folk, som også skal ha omfatta uskuldige.[4] I 354 sende Constantius bod etter Gallus, som i staden sende Constantina for å møta bror sin og tala for han. Undervegs døydde ho plutseleg av høg feber i Caeni Gallicani i Bithynia.[5]

Sarkofagen til Constantina, laga kring år 340. Han var tidlegare i Mausoleo di Santa Costanza, ein del av Sant'Agnese fuori le mura-komplekset i Roma, men er no utstilt ved Museo Pio-Clementino i Vatikanet.
Kopi av sarkofagen ved Santa Costanza.

Leivningane hennar blei sende til Roma og gravlagde ved Via Nomentana nord i byen, i eit mausoleum far hennar hadde byrja bygga for henne. Mausoleet er seinare blitt kjend som Santa Costanza-kyrkja, med Constantina tilbedd som helgen. Den utskorne sarkofagen hennar av porfyr er stilt ut ved Vatikanmusea,[6] medan kyrkja har ein kopi. Også syster hennar, keisarinne Helena, er gravlagd her.[7]

Politisk makt og påverknad[endre | endre wikiteksten]

Etter at ho blei gift med Hannibalianus gav far hennar Constantina tittelen augusta, men dette var i hovudsak ein ærestittel. Etter at ektemannen hennar blei drepen i 337, høyrer ein ikkje om Constantina i skriftlege kjelder før i 350. Dette var året då Magnentius gjorde opprør mot bror hennar, Konstantius II, noko som skapte stor politisk uro. Dette gjorde at ho involverte seg direkte i opprøret. Ho bad Vetranio om å utfordra Magnentius, og håpa slik å verna om sine eigne politiske interesser og makt.[3]

I tillegg til å utøva politisk makt sjølv var Constantina sin person ein politisk reiskap. Som eit kvinneleg medlem av keisarfamilien, og ei enkje, kunne ho tilbydast i ekteskap for å sikra ein politisk allianse. Dette skjedde to gonger. I 350 føreslo Magnentius at han kunne gifta seg med Constantina og dotter hans med Konstantius II for å få ein fredeleg ende på opprøret.[8] Konstantius II avviste dette tilbodet. Kort tid etter, i 351, brukte Konstantius II syster si for eit anna politisk føremål og gifta henne bort til Constantius Gallus, som blei utnemnd til cæsar i Austromarriket.[3]

Passio Artemii (12) hevdar at giftarmålet var meint å sikra at Gallus blei verande lojal,[9] men det kan også ha hatt vel så mykje å gjera med Constantina som, i tillegg til å ha hatt makt som dotter til Konstantin og kona til Hannibalianus, hadde sett i gang Vetranio sin opposisjon [10] til Magnentius, og som var blitt spurd etter i ekteskap av sendemenn frå Magnentius sjølv.[11]

I tillegg til å vera til gode for Konstantis, løyste ekteskapet Constantina ut frå ein farleg situasjon i Romarriket og plasserte henne i ei stilling der ho kunne kontrollera den yngre og uerfarne ektemannen i rolla som cæsar. På den andre sida er det mogleg at Konstantius såg på ekteskapet som ein måte å fjerna den påtrengjande, kanskje tilmed forræderske, syster si frå den urolege situasjonen vest i riket. Om omtalen i Passio Artemii (11) av brev frå Constantina til broren gjengjev ei verkeleg historie, er det tilmed mogleg at Constantina først la fram forslaget om at ho skulle gifta seg med Gallus.

Gallus herska over Austromarriket frå Antiokia, og føremålet hans var å halda trugselen frå Sassanideriket under kontroll. Men Gallus tapte støtte gjennom sitt nådelause og vilkårlege styre. Constantina støtta ektemannen. I Antiokia verker det som om Constantina blei politisk aktiv på ein typisk måte for romerske kvinner i keisarfamiliar. Ifølgje Ammianus Marcellinus var ho vondskapsfull og fæl. Ho opererte for det meste gøymd frå offentleg innsyn, men var likevel mektig kontrollerande. Han hevdar at ho gav ordre om fleire drap, «Gallus [...] hadde såvidt nok styrke til å svara at dei fleste av dei var blitt massakrerte på ordre frå kona hans Constantina.»[12] Medan dette ikkje kan bevisast, gjev det eit inntrykk av personlegdommen hennar som vondskapsfull og valdeleg.

Då Konstantius II sende bod på både Gallus og Constantina etter klager frå antiokiarane, prøvde Constantina ifølgje Ammianus å møta han åleine først, i håp om at familiebanda deira ville hjelpa til med å redusera spenninga.[13]

Ammianus Marcellinus skildra Constantina som svært hovmodig og valdeleg, «byrgskapen hennar var voksen utover all skala; ho var ein furie i døydeleg form som ustoppeleg la brensle til ektemannen sitt sinne, og tørsta etter menneskeblod like mykje som han».[5]

Den seinare britiske historikaren Edward Gibbon likna Constantina med ein furie frå underverda som tørsta etter menneskeblod[a] Han hevda at ho oppmuntra Gallus sin valdelege natur heller enn å overtala han til å syna fornuft og medynk. Gibbon skreiv vidare at forfengelegheiten hennar blei styrka medan dei milde eigenskapane til ei kvinne mangla frå personen hennar. Ho ville ha teke imot eit perlesmykke som bytte mot å avretta ein god adelsmann.[14]

Hovudkjelda for framstillinga av regjeringstida til Gallus er Ammianus Marcellinus, som kan vera tendensiøs i høve til Constantina og Gallus. Filostorgios skildra rolla til Constantina i høve til Vetranio. Mindre informasjonsstykke finst hjå Zosimos, Zonaras og i Artemii Passio.

Helgenlegende[endre | endre wikiteksten]

Gravering av S. Costanza-kyrkja, klosteret til heilage Agnes og Via Nomentana frå 1756.
Arm-relikviarium frå heilage Constantina ved Santa Maria della Scala i Siena.

Constantina har fått status som helgen i den katolske kyrkja. Ifølgje Liber Pontificalis blei ho døypt av pave Sylvester I (d. 335) saman med faster si og «dotter til Augustus».[15] Grava hennar er i kyrkja Santa Costanza i Roma. Constantina åtte land og ein villa i Via Nomentana nokre kilometer utanfor bymurane. Her låg katakombane der helgenen Agnes var gravlagd. Constantina skal ha bede far sin omå byggja ein basilika for Agnes på denne staden.[7]

Heilage Constantina får ein visjon ved grava til Agnes og Emerentiana. Måleri av Pietro da Cortona frå rundt 1654.

Motsett synet til romerske forfattarar på henne som vond og blodtørstig, oppstod det ei soge rundt Constantina i mellomalderen knytt til helgenen Agnes. Opphavet til legenda er uklar, men ein veit at Constantina blei gravlagd i eit mausoleum, Santa Costanza, tilknytt den store konstantinske basilikaen over katakomben der Agnes var gravlagd. Mausoleet er stort sett intakt, medan berre delar av veggen til basilikaen er bevart. I ein versjon av soga frå Legenda aurea blei Constantina spedalsk, og blei så lækja ved eit under då ho bad ved grava til Agnes, som skal ha vore på staden der den seinare Sant'Agnese fuori le mura blei bygd ved den eldre basilikaen. Costantina avla ein lovnad om kyskleik og omvende den romerske konsulen Gallicanus, som ho var trulova med, til kristendommen. Ho omvende også døtrene hans, Attica og Artemia, til kristendommen. Desse tre kvinnene grunnla eit kloster og bygde ein basilika til ære for Agnes.[16]

Constantina etterlét seg rikdommen sin til tenarane sine, Johannes og Paulus, for at dei skulle gjera kristelege verk. Soga har levd vidare med utbroderingar. Som ein del av livet til heilage Agnes opptrer Constantina i ei scene på den gylne Sankt Agnes-koppen frå 1300-talet, som no er ved British Museum.[17]

Relikviane etter den unge kvinna blei lagde under eit nytt altar av pave Aleksander IV (pave 1254-1261).

Først på 1500-talet blei Constantina innskriven i den katolske martyrologien. Festdagen hennar er 18. februar.[16][18]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. «one of the infernal furies tormented with an insatiate thirst of human blood.»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Roman Emperors DIR Constantina», www.roman-emperors.org, henta 8. juli 2019 
  2. Flavius Claudius Iulianus, Epistola ad Athenienses, 272 D.
  3. 3,0 3,1 3,2 DiMaio 1996
  4. Ammianus Marcellinus, 'Historia', IX., 8
  5. 5,0 5,1 Ammianus Marcellinus 1986, s. 41
  6. Webb 2001, s. 252
  7. 7,0 7,1 «Church of Santa Costanza», byzantine-legacy (på engelsk), henta 20. juli 2019 
  8. Gibbon 1854, s. 377
  9. Gibbon 1854, s. 388
  10. Jones, Martindale & Morris 1971, s. 222
  11. Müller 1841–1870, Peter the Patrician fr. 16, s. 190
  12. Ammianus Marcellinus 1986, s. 62
  13. Ammianus Marcellinus 1986, s. 58
  14. Gibbon 1854, s. 389
  15. Loomis, Louise Ropes (1916), The book of the popes (Liber pontificalis), Columbia University Libraries, New York, Columbia University Press, henta 8. juli 2019 
  16. 16,0 16,1 «Konstantia - Ökumenisches Heiligenlexikon», www.heiligenlexikon.de (på tysk), henta 20. juli 2019 
  17. Kleinhenz 2004, s. 251
  18. J.E. Stadler, F.J. Heim og J.N. Ginal (Hrsg.): 1SS. Constantia, Attica et Artemia, VV. I: Vollständiges Heiligen-Lexikon. Augsburg 1858–1882, bd. 1, s. 663.

  • Tylenda, Joseph N.: The Pilgrim's Guide to Rome's Principal Churches, Liturgical Press, Collegeville, Minnesota 1993 (engelsk), s. 134–136. ISBN 0-8146-5016-3. 
Primærkjelder
  • Ammianus Marcellinus, Res Gestae Libri XXXI.
  • Ammianus Marcellinus (1986). Walter Hamilton, red. The later Roman Empire (A.D. 354–378). Harmondsworth, Middlesex, England: Penguin Books. ISBN 978-0-14-044406-3. 
Sekndærkjelder