Constantius Gallus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Constantius Gallus
Solidus-Constantius Gallus-thessalonica RIC 149.jpg
Fødd325
FødestadMassa Marittima
Død354 (juliansk)
DødsstadPlomin
Gift medConstantina
Dynastidet konstantinske dynastiet
FarJulius Constantius
MorGalla

Flavius Claudius Constantius Gallus (fødd kring 325, død 354), var ein romersk keisar frå det konstantinske dynastiet. Han var brorson av Konstantin den store. Gallus var konsul i tre år, frå 352 til 354.

Gallus var son av Julius Constantius og den første kona hans Galla. Besteforeldra hans på farssida var keisar Konstantius Khlorus og den andre kona hans, Flavia Maximiana Theodora. Julius Constantius var halvbror av keisar Konstantin den store, slik at sonen hans Constantius Gallus var halv-syskenbarn av sønene til Konstantin – Konstantin, Konstans og Konstantius.

Gallus hadde tre sysken: Ei eldre syster ein ikkje kjenner namnet på som var gift med Konstantius, ein eldre bror ein ikkje kjenner på som døydde i blodbadet etter at Konstantin den store døydde, og ein yngre bror frå faren sitt andre ekteskap, Flavius Claudius Iulianus, som vanlegvis er kjend som Julianus Apostata eller Julian den fråfalne.

Ifølgje historikaren Ammianus Marcellinus var Gallus svært ven å sjå på, med mjukt blondt hår.[1]

Gallus overlevde saman med Julianus Apostata som dei einaste slektningane av Konstantin den store etter at han hadde døydd, då sønene hans befesta kravet sitt på makta gjennom eit blodbad.

I 350 hadde Magnentius gjort opprør, drepe keisar Konstans og teke keisartittelen. Konstantius II førebudde seg på å slå ned tronrøvaren, men trengde ein sendemann i aust. Han sende bod på Gallus om å koma til Sirmium, der han opphøgde han til cæsar 15. mars 351 og gav han namnet «Constantius». Bandet dei imellom blei også styrka ved at Gallus fekk gifta seg syster til Konstantis, Constantina. Ekteparet busette seg i Antiokia, for å styra den austlege delen av Romarriket og stå imot trugsmålet frå Persarriket.[2] Her blei Gallus etterkvart upopulær, og slo ned eit kuppforsøk med avrettingar av ei rekkje folk, som også skal ha omfatta uskuldige.[3] I 354 sende Constantius bod etter Gallus, som i staden sende kona si for å møta bror sin og tala for han. Undervegs døydde Constantina plutseleg av høg feber i Caeni Gallicani i Bithynia.[4] I 354 blei Gallus dømd til døden av Konstantin II, og avretta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ammianus Marcellinus, Res Gestae, 14.11.28
  2. DiMaio 1996
  3. Ammianus Marcellinus, 'Historia', IX., 8
  4. Ammianus Marcellinus 1986, s. 41
Bibliografi
  • Ammianus Marcellinus (1986). Walter Hamilton, red. The later Roman Empire (A.D. 354–378). Harmondsworth, Middlesex, England: Penguin Books. ISBN 978-0-14-044406-3.