Constrictor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Constrictor
Studioalbum av Alice Cooper
Språk engelsk
Utgjeve 22. september 1986
Innspelt 1986
Sjanger Hardrock, heavy metal
Lengd 37:07
Selskap MCA
Produsent Beau Hill
Alice Cooper-kronologi 
DaDa
(1983)
Constrictor Raise Your Fist and Yell
(1987)


Constrictor er det 16. studioalbumet til Alice Cooper, gjeven ut 22. september 1986. Cooper trekte seg tilbake frå musikkindustrien etter DaDa i 1983. Han spelte i Monster Dog, ein skrekkfilm som han skreiv to songar for. Han spelte òg på Twisted Sister-songen «Be Chrool to Your Scuel». Det var den første innspelinga til Alice Cooper med bassisten Kip Winger, som seinare vart kjend med sitt eige band, Winger.

Cooper søkte hjelp hos heavy metal-gitaristen Kane Roberts for albumet, som førte til ein stil Cooper ikkje hadde vore innom før. Constrictor synte den opphavlege sjokkrockaren for ein heil ny generasjon tenåringar og albumet hamna på 59. plass på lista i USA etter at dei to førre albuma, Zipper Catches Skin og DaDa, ikkje hadde gått inn på listene i det heile.[1] Etter albumet følgde ein av dei mest suksessrike turneane på slutten av 1980-åra, The Nightmare Returns-turneen.

Skrekkserien Friday the 13th slo seg saman med Cooper for å lage temasongen til den seinaste filmen. Songen «He's Back (The Man Behind the Mask)» vart skriven for Friday the 13th Part VI: Jason Lives. Singelen gjekk heilt til topps i Sverige. Andre songar nytta i filmen var «Teenage Frankenstein» og «Hard Rock Summer», ein song som ikkje vart nytta på albumet.

Songen «The Great American Success Story» var meint som temasongen til Rodney Dangerfield-filmen Back to School, men vart ikkje nytta.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Alice Cooper og Kane Roberts, bortsett frå der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Teenage Frankenstein» 3:40
2.«Give It Up» 4:13
3.«Thrill My Gorilla» 2:56
4.«Life and the Death of the Party» 3:45
5.«Simple Disobedience» 3:30
6.«The World Needs Guts» 3:59
7.«Trick Bag»Cooper, Roberts, Tom Kelly4:18
8.«Crawlin'»Cooper, Roberts, Michael Wagener3:22
9.«The Great American Success Story»Cooper, Roberts, Beau Hill3:38
10.«He's Back (The Man Behind the Mask)»Cooper, Roberts, Kelly3:49

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Alice Cooper - vokal
  • Kane Roberts - bass, gitar, klaverinstrument, korvokal
  • Paul Delph - klaverinstrument, korvokal
  • Beau Hill - korvokal
  • Tom Kelly - korvokal
  • Donnie Kisselbach - bass
  • David Rosenberg - trommer
  • Kip Winger - bass

Lister[endre | endre wikiteksten]

Billboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1986 The Billboard 200 59

Kjelder[endre | endre wikiteksten]